Mål for vaksinasjon
Koronavaksinasjonsprogrammet har same overordna mål som regjeringa sin strategi og plan for handtering av covid-19 pandemien: ivareta helse, redusere forstyrrelsar i samfunnet og beskytte økonomien. Vaksinasjon er ein av dei mest effektive formene for å forebygge sjukdom, og målet er å vaksinere utsatte grupper tidleg for å beskytte dei mot å bli sjuke.
Informasjonsark om koronavaksinen fra BioNTech og Pfizer (Comirnaty) på ulike språk
Koronavaksine på 1-2-3
Quick guide to the coronavirus vaccine
Vi er i gong med vaksineringa og nye doser med vaksine kjem kvar veke.
Statistikk om koronavaksinasjon i Norge
Innkalling
Det vil bli kort tid frå innkalling for vaksinasjon til gjennomføring. Registreringa vi har gjort til no er for å førebu oss i god tid. Når vi får vaksiner tek vi kontakt via SMS til dei som har registrert seg. Dersom du ikkje har høve til det vil du bli oppringt.
Eigenerklæring
Alle som skal ta vaksine må fylle ut eit eigenerklæringsskjema på førehand. Dette vil bli utsendt til deg i god tid før vaksinetaking. Du kan også skrive ut skjemaet.
Eigenerklæringsskjema
Skjemaet skal du ta med deg den dagen du tek vaksine. Om det er spørsmål i skjema du må avklare med fastlegen din, må dette vere klart før vaksinering.
Prioriteringsliste
Det er regjeringa som bestem kven som skal prioriterast først.
Prioriteringsrekkefølge og begrunnelse.
Lokale for vaksinering
Tidlegare Sparebankbygget, Pilgata 10.
Heimetenestene vil gjennomføre vaksinering av personar som ikkje kjem seg til vaksinasjonslokalet. Bebuarar på BUAS vil bli vaksinert på BUAS.
Endringar og oppdateringar vil skje raskt, så det er viktig å følge med på heimesida vår.
Silje Ramstad