Nasjonale smitteverntiltak f.o.m 19.01.21

Nasjonale smitteverntiltak f.o.m 19.01.21

Det er fortsatt mange restriksjonar men det er t.d. letta opp på skuleområde, og fritidsaktivitetar for born under 20 år.

  • Ungdomsskular og VGS vert justert ned til gult nivå (PDF, 139 kB). Skulene kan halde raudt nivå viss naudsynt.
  • Barn og unge under 20 år kan ta del i fritidsaktivitetar som normalt. Trening kan gjennomførast. Kampar, cupar og stemner må framleis utsettast.
  • Utandørs kan det trenast viss det er mogleg å halde god avstand.
  • Toppidretten vert tilrådd å utsette alt seriespel i to veker.
  • Tilrådinga om digital undervisning vert vidareført. (Fagskular, høgskular, universitet). Det bør sikrast fysisk undervisning ein gong i veka der det er mogleg å utføre i tråd med smittevernråda.
  • Kulturarrangement vert tilrådd utsett. Gjeld ikkje gravferder.
  • Tilrådinga om å unngå reiser som ikkje er naudsynte, vert vidareført.
  • Tilrår alle i størst mogleg grad å avgrense sosiale kontakt. Ikkje meir enn 5 gjestar i tillegg til husstanden. Ein må ikkje vere fleire enn at ein klarer å halde avstand.
  • I private samankomstar utanfor eigen heim kan ein ha 10 personar innandørs, 20 personar utandørs.

Lokalt held rådhuset fortsatt stengt for besøkande. Vi er på jobb, mange på heimekontor. Du når oss på telefon eller du kan avtale eit møte med oss på teams. Du finn også informasjon om tenester på heimesida vår.

Klikk for stort bilete