Sjølvtest covid-19 av skuleelevar

Sjølvtest covid-19 av skuleelevar

Slik tar du testen!

OBS! Sjølv om svaret på hurtigtesten er negativt, er ikkje dette ein garanti for at du ikkje har smitte, og du må fortsatt følgje gjeldande smittevernreglar.

Korleis ta sjølvtesten?

Sjølvtesten er enkel å bruke og må takast same dag som du får utlevert testkittet.

Du tar testen på deg sjølv eller får hjelp av foresatte. Du les av svaret på testplata etter femten minutt.

Sjå instruksjonsvideoen nedanfor. Brukarrettleiing finn du saman med testittet. 

Vær ekstra merksam på dette:

  • Testpinnen: Før den 2-3 cm inn i framre nasebor og roter rundt i 10 sekund i begge nasebor.
  • Reagensrøret: Rør om i væska med testpinnen 10 ganger, klem på svampen på testpinnen før du tar ut pinnen og sett korka på reagensrøret med spissen opp.
  • Testbrikken: Drypp fire dråpar i sirkelen. Ikke rør eller beveg testbrikka.
  • Resultatet les du av etter 15 minutt (min) og 30 minutt (maks).

Her ser du ein video som viser korleis du skal ta testen og korleis du skal tolke resultatet.

Kva gjer eg om testen er positiv?

Du må gå i isolasjon og melde frå til smittesporing.

Send e-post til: smittesporing@sykkylven.kommune.no

Smittesporing vil kontakte deg og sette deg opp til en prioritert PCR-test så raskt som mogeleg. 

Skriv at du er elev og ønskjer å bli oppringt vedkomande svar på hurtigtest. Husk å oppgi telefonnummer i e-posten du sender slik at det blir enklare for kommunen å kontakte deg.

Nyttige linker

Nasjonale reglar og anbefalingar - Helsenorge.no