Er du i tvil om du bør teste deg kan du ta Helse norge sin koronasjekk. Du er anonym når du benyttar denne tenesten og dine data vil ikkje bli lagra på helsenorge.no.
Koronasjekk - skal eg teste meg?
Må du ha legehjelp skal du kontakte fastlegen din eller legevakt – tlf 116 117.
Treng du hjelp til bestilling, ring vår koronatelefon; 48 14 52 59. Telefonen er open mandag-fredag frå klokka 09.00-15.00.
Dersom du har lette luftveissymptomer, bør du vere heime til inntil ein dag etter at du føler deg frisk. Du treng ikkje kontakte helsevesenet for testing. Dette for å begrense bruk av testing og ressursar til fordel for alvorleg sjuke og sårbare grupper.
Dersom du får meir alvorlege symptom, kan du ringe fastlegen din. Dersom du ikkje får tak i fastlegen, ring legevakt på tlf 116 117.
Testing
Vi fortsetter med testing 4 dagar i veka. Dersom dette endrar seg vil vi legge ut ny informasjon her.
Måndag kl. 12.00 – 13.00
Tysdag kl. 12.00 – 14.00
Torsdag kl. 12.00 – 13.00
Fredag kl. 12.00 – 14.00
Prøvesvar finn du ved å logge inn på helsenorge.no. Svaret får du så snart prøva er analysert, som regel innan nokre få dagar. Treng du prøvesvar på sms, gir du beskjed til den som testar deg.
Teststasjon
Adresse
for testing: Pilgata 10.
Det er satt opp eit testtelt mellom Coop mega og tidlegare Sparebankbygget. Du køyrer inn på framsida av Sparebankbygget og stiller deg i kø. Du treng ikkje gå ut av bilen.
Etter testing
- Dersom du kjem frå utlandet, vil ikkje negativ test føre til at innreisekarantene på 10 dagar vert oppheva.
- Hald deg i karantene til du får prøvesvara dine. Det betyr at du ikkje kan reise på jobb, skule, barnehage, butikk og offentleg transport. Anbefalinga er å vere i eigen heim.
- Karantene gjeld ikkje andre i husstanden som er symptomfrie. Kontakt arbeidsgivaren din for retningslinjer for arbeidsplassen din.
- Nærkontakt med menneske som har stadfesta koronavirus eller sannsynleg korona, medfører karantene for vedkomande og karantene for husstandsmedlemmer.