Koronaviruset

18.05.2020 11.49

Følgjekort

Følgjekort

Har du fysiske eller psykiske funksjonshemmingar kan du søkje om å få eit følgjekort. Følgjekortet gir deg rett til å ha med ein assistent/person som slepp å betale for billetten sin. Dette kan til dømes vere på kultur- og fritidsarrangementer eller på offentleg transport. 

Kva får du?

Du får eit kort / bevis som gir assistenten din gratis tilgang til kultur- eller fritidsarrangementer og transporttselskap som aksepterer ordninga. 

Følgjekortet er personleg med namn og bilete. Det står på kortet kor lenge det er gyldig, vanlegvis mellom to til fem år av gangen.

 

Krav til søkjar

Du treng ein uttale frå fastlege eller spesialist på at du har behov for ein eller fleire assistentar for å kunne delta på aktiviteter i fritida.

Varige fysiske eller psykiske funksjonshemmingar (mimimum to års varigheit).

Nedre aldersgrense for søkjar er normalt åtte år.

 

Kva kostar det?

Følgjekortet er gratis.

På arrangementer eller offentleg transport kjøper du billett til ordinær pris, men får ta med deg ein assistent gratis der følgjekort er akseptert. 

 

Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist, søknader blir handsama fortløpande. 

 

Slik søkjer du eller fornyer følgjekort

 

Søknadsskjema

 

Du treng desse vedlegga

  • Passfoto.
  • Uttale frå fastlege eller spesialist.

 

Send inn vedlegga til : 

Sykkylven kommune 

Servicetorget 

Kyrkjevegen 62 

6230  SYKKYLVEN 

 

Det er servicetorget som handsamar søknader om følgjekort.

 

Lenkjer til informasjon om følgjekort:

 

helsenorge.no - ledsagerbevis

bufdir - ledsagerbevis