Koronaviruset

18.05.2020 11.49

Individuell plan og koordinator

Individuell plan og koordinator

Om du har behov for fleire helse- og omsorgstenester over lengre tid, har du rett til å få utarbeida ein individuell plan (IP). Planen skal sikre at du får eit helhetleg tenestetilbud tilpassa akkurat deg. Du har også rett til ein koordinator som sørger for heilhetlige tenester og nødvendig oppfølging. 

Koordinerande eining i Sykkylven kommune har det overordna ansvaret for individuell plan og for oppnevning, opplæring og veiledning av koordinator.

Koordinerande eining skal:

  • bidra til at dei som har samansette og langvarige behov for tenester opplever ein samanhengande behandlingsteneste.
  • vere ein kontaktstad for alle som har spørsmål om koordinering av helse- og sosialtenester.
  • gje opplæring, veiledning og informasjon om individuell plan, koordinatorar og koordinerande eining.
  • sørge for at det blir utarbeida rutiner og prosedyrer for arbeidet med individuell plan.
  • motta melding om behov for individuell plan og koordinator.
  • syte for at det blir oppnemt koordinator.
  • ha oversikt over individuelle planar og koordinatorar.

Kven kan få tilbod om individuell plan og koordinator?

For å få oppretta individuell plan og/eller koordinator er det eit kriterie om at ein har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester.

  • Vedkommande har rett til å delta i arbeidet med sin individuelle plan, og det skal leggast til rette for dette.
  • Pårørende skal trekkast inn i den utstrekning pasient/brukar og pårørande ønsker det.
  • Dersom ein pasient/brukar ikkje har samtykkekompetanse, har vedkommendes næraste pårørande rett til å medvirke saman med pasient/brukar.

Ein individuell plan gir ikkje pasient og brukar større rett til helse- og omsorgstenester enn det som følger av det øvrige regelverket.

Ein kan be om å få oppretta koordinator eller individuell plan ved å fylle ut melding til koordinerande eining.

Regelverk.

Helse- og omsongstenestelova (Individuell plan, koordinator og koordinerande enhet).

Pasient og brukerrettighetslova (Rett til individuell plan).

Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuellplan og koordinator.

IS-2651 Veileder om rehabilitering, habilitering, individuell plan og koordinator.

Veileder om oppfølging av personer med store og sammensatte behov. 

Kontakt

Tenestekontoret
Telefon 941 58 814

Arbeidstid

Ope for publikum mandag, onsdag og torsdag kl 10-14

Adresse

Sykkylven bu- og aktivitetssenter, inngang ved pensjonistsalen

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post

Møyfrid Kleppe Bakke
Leiar/sakshandsamar
E-post
Telefon 905 29 669

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post