Koronaviruset

18.05.2020 11.49

Omsorgsstønad

Omsorgsstønad

Omsorgsstønad kan ytast til personar som har særleg tyngjande omsorgsarbeid.

Kven kan få tilbodet?

Personer som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid, kan få innvilga omsorgsstønad. Omsorgsstønad skal gi søkjar ein viss økonomisk kompensasjon for det omsorgsarbeidet som utførast. Ordninga skal legge til rette for privat omsorgsarbeid frå pårørande eller andre.

Omsorgsarbeidet må skje i eigen heim. Målet er at familien kan fortsette å ha omsorg for sine næraste. Omsorgsstønad gjev ei godtgjering for nokre av dei timane du brukar på pleie og omsorgsarbeid i heimen.
Stønaden dekker ikkje tapt arbeidsforteneste ved redusert stilling og er heller ikkje noko ein har krav på. Omsorgsarbeidet må vere vurdert som særleg tyngande og gjelde oppgåver som er naudsynte og som elles ville blitt ytt av det kommunale hjelpeapparatet. Det vert også vurdert om omsorgsstønad er det beste alternativet, evt. saman med andre hjelpetiltak. Er det ikkje søkt hjelpestønad frå NAV må du søke om det.

 

Korleis få tilbodet?

Ein nyttar Sykkylven kommune sitt søknadskjema om helse og omsorgstenester. (DOCX, 54 kB)

 

Kva skjer vidare?

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Seinast innan 4 veker skal du ha mottat svar frå kommunen med endeleg vedtak, eller med orientering om når du kan forvente endeleg svar.

 

Klage

Vedtak om omsorgsstønad kan påklagast. Nærmare informasjon om vilkår for klage vert sendt ut saman med vedtaket frå kommunen. Dersom du får medhald i ei formell  klage på saksbehandling, omfang av tenesta, eller kvaliteten på den tenesta du har motteke, blir klagen teke til fylgje gjennom eit nytt vedtak.

Pasient- og brukarrettighetsloven § 7-2

 

Lover og reglar

Pasient- og brukarrettighetsloven

Helse og omsorgstenesteloven

 

Lønnsliste omsorgsstønad (DOC, 228 kB) Bu og ReHabiliteringstenestene.