Aktuelt

26.08.2022 10.50

Sterk og stødig - trening for seniorar

Sterk og stødig - trening for seniorar

Lågterskel helsefremjande og førebyggande gruppetrening for seniorar i alderen 65+.

Kva

Det er gruppetrening for deg som er over 65 år og bur heime. Du kan gå utan hjelpemiddel inne, men opplever at balansen og styrken i beina ikkje er som før.

Hovudfokus er styrketrening for bein og balansetrening. Vi trener for det meste ståande og litt sittande. Du kan støtte deg til ein stol ved behov.

Gruppene blir leia av frivillige instruktørar som er kvalifiserte gjennom Sterk og stødig instruktørkurs. Fysioterapeut er rettleiar for instruktørane, og administrerer tilbodet i kommunen.

Kor og når

Treninga er innandørs i ditt nærmiljø og du må komme deg til og frå treninga sjølv.

Det er lagt opp til kaffi og prat etter treninga. Meir informasjon om dette får du lokalt, hos den enkelte gruppe og instruktør.

Gruppene har pause i feriar.

Stad

Dag

Tid

Pensjonistsalen på BUAS

Tysdag

11.00-12.00

Pensjonistsalen på BUAS

Tysdag

13.00-14.00

 

Påmelding og pris

Ta kontakt med koordinator for Sterk og stødig i Sykkylven kommune, fysioterapeut Anita Westerås, på 91 89 87 43  (måndag-fredag 09.00-15.00), eller send epost til anita.westeras@sykkylven.kommune.no, om du ønsker meir informasjon eller vil melde deg på. Tilbodet er gratis.

 

 

Vil du bli instruktør?

Sterk og stødig er eit populært tilbod og vi har behov for å starte fleire grupper. Vi treng derfor fleire instruktørar.

Vi leitar etter deg som

  • er glad i å bevege deg​.
  • liker å jobbe med andre.​
  • er senior eller er ledig på dagtid​.
  • ønsker å leie ei treningsgruppe i lag med andre.

Du som vil bli instruktør får

  • instruktørkurs.
  • hefte med øvingar. ​
  • hjelp med igangsetting av gruppe​.
  • vidare rettleiing av fysioterapeut​.
  • førstehjelpskurs og fagleg påfyll​.
  • nye vennskap.​

Vi håper at du ønsker å bli med på laget. Dersom du vil bli instruktør kan du ta kontakt med:

Meir informasjon

 

Kontakt

Anita Westerås
Kommunal fysioterapeut
E-post
Telefon 918 98 743

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post