Kva er ein barnekoordinator
Ein barnekoordinator kan hjelpe familien med å:
- ha oversikt over og koordinere tenestene de og barnet har kontakt med.
- gi dykk informasjon og rettleiing om relevante helse- og omsorgstenester, slik at de enklare får oversikt over rettar og pliktar.
- gi informasjon om nødvendige velferdstenester og frivillige brukarorganisasjonar.
- få tydeleg fram stemma til barnet slik at barnet sjølv fritt får formidle kva som blir opplevd som god og nyttig hjelp.
- sjå til at det er framdrift i arbeidet med individuell plan, dersom barnet har det.
- styrke det tverrfaglege samarbeidet ved mellom anna å delta i ansvarsgruppemøte.
- gi rettleiing slik at de kan medverke til avgjerder knytt til saka til barnet.
Korleis få tilbodet?
Foreldre/føresette kan søke om barnekoordinator. Barnekoordinator kan innvilgast før fødsel.
Søknadsskjema
For å få barnekoordinator kan du sende inn dette skjema:
Søknadsskjema
Eller du kan ta kontakt med Tenestekontoret pr. tlf: 94158814.
Kva skjer vidare?
Når tildelinga er klar, vil barnekoordinator kontakte deg og du må fylle ut ei samtykkeerklæring. Koordineringa skal skje i samarbeid med foreldra og barnet, og tenesteapparatet skal leggje til rette for dette.
Lovgrunnlag
Retten til barnekoordinator er lovpålagt i helse- og omsorgstenestelova §7-2a.
Plikta til å samarbeide mellom tenestene er i tillegg lovpålagd i mange lover: