BTS i Sykkylven (BTI)

Sykkylven kommune nyttar samhandlingsmodellen Betre Tverrfagleg Samarbeid (BTS) for å sikre god samhandling mellom dei ulike kommunale tenestene som arbeider med barn og unge. I samband med dette arbeidet, har vi utarbeidd eigen logo og visjon. BTS vert også omtala som BTI (Betre Tverrfagleg Innsats).

Formål

Det overordna formålet med BTS-arbeidet er å bidra til at barn, unge og deira familiar får nødvendig hjelp så tidleg som muleg. Målgruppa for arbeid etter BTI-modellen er barn og unge som har behov for hjelp, støtte og oppmerksomheit i korte eller lengre periodar i livet. BTI-modellen skal kvalitetssikre heilskapleg og koordinert innsats frå involverte tenester utan at det vert brot i oppfølginga. BTI bidreg til tidleg innsats, samordning mellom ulike tenesteområde og medverknad. 

Korleis
BTS-modellen deler arbeidet inn tre fasar:

  • Identifisering
  • Lokal innsats, i barnehagen/på skulen.
  • Tverretatleg samarbeid

Basisteneste, som barnehage og skule, har ei viktig rolle i BTS. Dette gjeld både  å identifisere og å sette i verk tiltak tidleg. Oppgåva med identifisering er også eit ansvar for alle hjelpeteneste  (helsesjukepleiar, lege, PPT, ergo- og fysioterapeutar, og barnevern).

Tenester som er i kontakt med vaksne har eit spesielt ansvar med å identifisere barn som pårørande.

Samhandlingsmodellen er, som vist under, på fire nivå. Trykk på biletet under for meir informasjon om BTS.

 

 

 

Vi har laga ein modell som viser ulike tiltak vi har på dei fire nivåa: 

 

Tabellen under har forferdeleg mange forkortingar. Nokre er i dagleg bruk og innarbeidde hos ein del, andre er nok heilt nye. Klikk på dei aktive lenkene for meir informasjon om tilboda vi har i Sykkylven.

 

 

 

 

              Nivå 0                                          

Identifiserer barn som bekymrer

              Nivå 1                                                                                                                     Tenesteinternt tiltaksarbeid

Nivå 2

Enkelt tverrfagleg samarbeid med få involverte tenester

Nivå 3

Komplekst tverrfagleg samarbeid med fleire involverte tenester

Solid start

MOT

COS

ICDP

Skulehelsesjukepleiar (trefftid)

Helsestasjon for ungdom

Tankevirus

 

Fagteam

Tankevirus

PIS-gruppe

Helsesjukepleiar (timeavtalar)

Miljøterapeut (SUSK)

ICDP 

Solid start

Rusførebyggande team

Ressursteam (SUSK)

Alternativ opplæringsarena /Inn på tunet (IPT)

Psykologisk førstehjelp

 

PMTO

COS

ICDP

Overgangsmøte

BAPP

Fagteam

Gardsskule/IPT-tilbod

(Kommunepsykolog)

DU-kurs for ungdom

Spes.ped.

Skulefråversteam

(Kommunepsykolog)

Ansvarsgrupper

Individuell plan

Fagteam

Barnevernstiltak

Skulefråversteam

 

 

 

Artikkelliste

Kontakt

Linda Nilsen Hovland
Kommunalsjef oppvekst
E-post
Telefon 95 24 00 44
Øyvind Fet
rådgjevar oppvekst
E-post
Telefon 48 27 50 96

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post

Monica Søvik Hjelmevoll
avdelingsleiar
E-post
Telefon 47 66 83 01

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post.

Margit Aure Overå
Rådgjevar helse og omsorg
E-post
Telefon 91 89 87 51

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post

Lena Nordvoll
Sakshandsamar
E-post
Telefon 47 61 42 07

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post