Fagteam / BTI-møte

Formålet med fagteam på den einskilde skule og barnehage er å

  • sikre tidleg intervensjon og hjelp, samt gi skule, barnehage og foreldre høve til tverrfagleg drøfting av problemstillingar vedk. elevar/born og deira miljø i skule og barnehage.
  • fremje kommunikasjon og samarbeid mellom heim, skule/barnehage og fagmiljø.
  • gi lettare tilgang og lågare terskel for samarbeid rundt barn og unge som ein er bekymra for

Fagteama er sett saman tverrfagleg med representantar frå ulike kommunale tenesteområde. Ved behov for drøfting rundt eit barn eller ein elev du er bekymra for, kan skjemaet Ønske om drøfting rundt elev (DOCX, 44 kB) nyttast, og leverast rektor.

Barnehage:

Styrar, ped. leiar (ev. anna personale),  fast  repr. frå helsestasjon, barnevernteneste og PPT. Andre aktuelle samarbeidspartar  blir kalla inn etter behov. Foreldre/føresette skal ha høve til å vere til stades i saker som vedkjem deira barn sin situasjon. Foreldre/føresette blir kalla inn etter vurdering frå styrar.

Skule:

Rektor (eller den rektor utnemner), kontaktlærar i aktuell sak, fast  repr. frå helsestasjon, barnevernteneste og PPT. Andre aktuelle samarbeidspartar  blir kalla inn etter behov. Foreldre/føresette skal ha høve til å vere til stades i saker som vedkjem deira barn sin situasjon. Foreldre/føresette blir kalla inn etter vurdering frå rektor.

Gjennomføring / aktivitet

  • Det skal vere minimum to møter i halvåret på kvar skule og barnehage. Dei største barnehagane og skulane vil truleg ha behov for fleire møter.
  • Møteplan blir sett opp av kvart einskild fagteam på første møte i kvart barnehage-/skuleår. Styrar/rektor har ansvar for å kalle inn til det første møtet.
  • Møte i fagteam skal ha hovudprioritet. Ved fråvær er kvar einskild deltakar pliktig til å skaffe vararepr. frå si teneste.
  • Dei einskilde repr. i fagteamet held seg til sine gjeldande lovverk i høve teieplikt og overheld desse.
  • Det skal innhentast samtykke frå foreldre/føresette i dei sakene som skal drøftast med namn i den tverrfaglege gruppa. 
  • Kvar einskild repr. skal ha høve til å ta opp aktuelle saker i teamet. Foreldre/føresette skal også ha høve til å fremje saker i teamet tilhøyrande sin barnehage/skule om det er ønskje om det. Saka vert då meldt til styrar/rektor.
  • Kun saker som har ei tverrfagleg interesse skal vere tema ved møta. Saker mellom t.d. skule og ppt som omhandlar pedagogisk opplegg rundt einskilde elevar skal drøftast i andre møter.
  • I dei sakene som er oppe til drøfting med namn fører den einskilde fagperson journal for seg etter gjeldande lovverk. Skulen/barnehagen skal føre notat over saker som vert teke opp på kvart einskild møte i fagteamet.
  • Fagteamet skal også ha funksjon som akutteam. Oppstår situasjonar der ein har behov for rask tverrfagleg drøfting, kan styrar/rektor kalle inn dei fast repr. i fagteamet  på kort varsel.

Ansvar


Einingsleiar barne- og familietenestene, rektorar og styrarar har ansvar for at dei tilsette ved sine einingar er kjent med målsetting og rutinar for fagteam.

Kontakt

Linda Nilsen Hovland
Kommunalsjef oppvekst
E-post
Telefon 95 24 00 44
Monica Søvik Hjelmevoll
avdelingsleiar
E-post
Telefon 47 66 83 01

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post.