Kommunikasjon med legekontoret
I hovudsak pr. telefon: 70 25 50 50.
Det er for tiden begrensing på elektonisk kommunikasjon. Du kan pr.i dag ikkje bestille time, eller sende melding til lege via sjølvbetjening.
For å nytte elektronisk kommunikasjon må du første gang du bruker ePortalen opprette brukar. Er du allereie brukar logger du inn med fødselnummer og passord.
Logg på sjølvbetjening
Konsultasjonar
Konsultasjonar foregår kun etter timebestilling, i ordinær kontortid kl. 8.30 – 15.00. Manglande frammøte eller avbestilling seinare enn 24 timer før avtalt tid blir belasta med tapt arbeidsinntekt + gebyr.
Frikort
Dersom du har fått frikort må du sjølv vise fram dette og få det registrert på legekontoret. Det er då registrert for resten av kalenderåret. Vær oppmerksam på at alt ikkje vert dekka av frikortordninga. For eksempel forbruksmateriell,
henvisning, medisinar og attester etc.
Ny pasient/overføring av journal
Som ny pasient registrerast du først i våre system den 1. i påfølgande månad etter bytte er gjort. Det er fint om du ringer oss før di fyrste timebestilling. Overføring av journal frå tidligare fastlege går ikkje automatisk. Du må sjølv ta kontakt med det aktuelle legekontoret og be om å få journalen oversendt til oss.
Nye personalia?
Nytt telefonnummer, adresse eller arbeidsgivar? Ver vennleg å melde frå om dette. Husk å melde flytting via Folkeregisteret – systemet vårt vil oppdatere seg månadleg mot Folkeregisteret.
Reseptbestilling
Bestill reseptar i GOD tid før du går tom, slik at du er sikker på å få medisinen i tide. Dersom legen er fråverande, f.eks. pga. kurs, kan det unntaksvis ta lengre tid. Sørg også for å
bestille nødvendige reseptar i god tid før fellesferien.
• Vi tilbyr kun elektroniske reseptar (e-resept).
• Resepten er gratis.
• Du kan sjå dine reseptar på mineresepter.no
• Vennligast oppgi så eksakt som mulig type, styrke og dosering.
• B-Preparater føreskrivast ikkje utan legetime! Eksempel Sobril, Paralgin Forte etc.
Når tok du en celleprøve frå livmorhalsen sist?
Kvinner mellom 25 og 69 år anbefalast å ta ein celleprøve kvart 3 år. Du kan lese meir om dette og masseundersøkinga mot livmorhalskreft på www.kreftregisteret.no/livmorhals eller snakke med legen om ditt behov for å ta ei celleprøve.
Fastlegane har moglegheit til å ta celleprøver og kan utføre andre gynekologiske prosedyrer. Det er ikkje alltid ein treng å henvisast vidare. Forhøyr deg med fastlegen din om kva som er aktuelt for deg.