Kva
Det er gruppetrening for deg som er over 65 år og bur heime. Du kan gå utan hjelpemiddel inne, men opplever at balansen og styrken i beina ikkje er som før.
Hovudfokus er styrketrening for bein og balansetrening. Vi trener for det meste ståande og litt sittande. Du kan støtte deg til ein stol ved behov.
Gruppene blir leia av frivillige instruktørar som er kvalifiserte gjennom Sterk og stødig instruktørkurs. Fysioterapeut er rettleiar for instruktørane, og administrerer tilbodet i kommunen.
Kor og når
Treninga er innandørs i ditt nærmiljø og du må komme deg til og frå treninga sjølv.
Det er lagt opp til kaffi og prat etter treninga. Meir informasjon om dette får du lokalt, hos den enkelte gruppe og instruktør.
Gruppene har pause i feriar.
Stad
|
Dag
|
Tid
|
Pensjonistsalen på BUAS
|
Tysdag
|
11.00-12.00
|
Pensjonistsalen på BUAS
|
Tysdag
|
12.30-13.30
|
Pensjonistsalen på BUAS |
Tysdag |
14.00-15.00
|
Tandstad skule, Straumgjerde
|
Torsdag |
11.00-12.00 |
Kyrkjekjellaren Ikornnes kyrkje
|
Måndag |
11.00 - 12.00 |
Påmelding og pris
Ta kontakt med koordinator for Sterk og stødig i Sykkylven kommune, fysioterapeut Ellen Vardal Håvoll, på 91 89 87 43 (måndag-fredag 09.00-15.00), eller send epost til ellen.haavoll@sykkylven.kommune.no, om du ønsker meir informasjon eller vil melde deg på. Der er deltakaravgift kr 200,- i halvåret.
Vil du bli instruktør?
Sterk og stødig er eit populært tilbod og vi har behov for å rekruttere fleire instruktørar. Kan dette vere noko for deg?
Vi leitar etter deg som:
- er glad i å bevege deg.
- liker å jobbe med andre.
- er senior eller er ledig på dagtid.
- ønsker å leie ei treningsgruppe i lag med andre.
Du som vil bli instruktør får:
- instruktørkurs.
- hefte med øvingar.
- hjelp med igangsetting av gruppe.
- vidare rettleiing av fysioterapeut.
- førstehjelpskurs og fagleg påfyll.
- nye vennskap.
Vi håper at du ønsker å bli med på laget. Dersom du vil bli instruktør kan du ta kontakt med:
Meir informasjon