Ergoterapi Ergoterapeuten prøver å finne løysingar slik at den enkelte kan klare seg best mogleg heime, og i størst mogleg grad klarer å utføre kvardagsaktivitetar.Ergoterapeuten leitar etter ressursar og startar derfor ofte med å spørre om kva som er viktige aktivitetar i livet ditt - og korleis du vil delta. Publisert 26.09.2024 14.46 Sist endra 26.09.2024 15.06 Kven kan få tilbod om ergoterapi? Alle som har utfordringar i dagleglivet kan få hjelp av ein ergoterapeut. Dette er uavhengig av alder og om du bur heime eller på institusjon. Tilbodet er gratis. Kva tilbyr ergoterapitenesta? Ergoterapeuten legg til rette for aktivitetar i dagleglivet, enten ved hjelp av trening, tilpassing av bustad og/eller med hjelpemiddel. Korleis kan eg få tilbodet? Den enkelte kan sjølv ta kontakt direkte og be om ein avtale. Det vert så gjennomført eit møte for å kartlegge utfordringane dine og finne ut kva tiltak som kan vere aktuelle. Pårørande eller andre tenester kan også henvise for deg, dersom du har gitt løyve til dette. I periodar der det er stor pågang kan det være ventetid. Dersom du ikkje kjem gjennom på telefon, kan du kontakte ergoterapeut på e-post. Kontaktinformasjon ergoterapeut Tone Klakken GjersrudE-post: tone.klakken.gjersrud@sykkylven.kommune.noTlf: 95 97 70 99Telefontid: alle kvardagar kl. 10.00 - 14.00.