StikkUT vinter

1. desember braka det laust med ny vintersesong for Stikk UT! der ein kan velje mellom totalt 154 skiturar og 255 fotturar i Møre og Romsdal, Heim i Trøndelag og Bjorli i Lesja kommune. 

Målet er å auke aktiviteten og deltaking i friluftsliv i vinterhalvåret. Stikk UT! Vinter varer heilt fram til 22. april 2025. 

  • Stikk UT! og opplev det fine lyset, tenn eit bål og sjå på stjernehimmelen. Vi ønsker oss gode vinterforhold til fine fotturar og god gli i skiløypene. Be gjerne med deg nokon på tur, oppfordrar Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd og Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, som er ansvarlege for Stikk UT!

Stikk UT!- turmål i Sykkylven kommune 

Stikk UT! har turar for dei aller fleste. Turane går til etablerte turmål og har fargekode som fortell mykje om vanskelegheitsgrada. Grønne turar passar for dei fleste. Lette, korte turar med moderat stigning. Blå turar for dei med litt turerfaring. Raude turar for den erfarne turgåar med god uthaldenheit.

  • Vellesetra 408 moh. 
  • Vassætra 488 moh. 
  • Aurenakken 404 moh. gå frå Haugset 
  • Fagrefjellet 459 moh. 
  • Haugsetrunda 
  • Hovdeåsen 358 moh. 
  • Oddane/Aursneset 
  • Appelsinhaugen/Storhaugen (Nysætra - skitur)
  • Skistadion (Nysætra - skitur) 
  • Nysætra ved Nysætervatnet (skitur) 
  • Fausaskiftet (skitur) 

Oversikt over alle Stikk UT! turar finn du på stikkut.no 

Feiring av Friluftslivets år 2025

Friluftsråda inviterer alle til å bli med og feire Friluftslivets år 2025. Dette kick-startar med «Hele Norge båler» 18. januar og påfølgande veke. Ta gjerne turen til ein gapahuk til fots eller på ski og tenn bål saman med turvener i veke 3. Mange Stikk UT!-turmål går til ein gapahuk eller du passerer ein. Fleire gapahukar har gruer der ein kan fyre opp bål.

– Hugs gjerne litt ved og fyrstikker. Eit bål varmar godt, og det er koseleg å sitje saman med turvenner å nyte bålet og vinterlandskapet. Men ta omsyn til naturen og etterlat den like fin som før, seier Ellingsæter.

Registrering av Stikk UT!-turmål

Registrering av Stikk UT!-turmål har tidlegare vore mogleg både på stikkut.no og i Stikk UT!-appen. I sommarsesongen vart moglegheita til å registrere på stikkut.no tatt vekk.

– Vi har fått tilbakemeldingar frå deltakarar som har sakna dette og vi har lytta til dei. Derfor vil vi i løpet av vintersesongen gjeninnføre moglegheita til å registrere turane på stikkut.no også – i tillegg til Stikk UT!-appen.