Koronaviruset

18.05.2020 11.49

Landbruksplan for Sykkylven

Landbruksplan for Sykkylven

Klikk for stort bilete

Landbruksplanen for Sykkylven er eit forvaltningsverktøy til bruk i den daglege sakshandsaminga og den langsiktige arealforvaltninga i kommunen. Planen skal vere rettleiande for korleis lover og forskrifter blir oppfatta og forvalta lokalt. Med utgangspunkt i dei nasjonale mål er det viktig at kommunen formulerer eigne mål for korleis landbruket i kommunen skal vere, og korleis arealressursane bør forvaltast. 

Landbruket er ein mangfaldig næring som i tillegg til eigen verdiskaping også legg til rette for andre næringar som til dømes reiseliv, kultur og anna industri. Målet med landbruksplanen er å avdekke styrkar og svakheitar i landbruksnæringa og forvaltninga lokalt, for å utvikle eit meir robust og tilpassingsdyktig landbruk. Planen skal fange opp idear og tiltak som kan gi næringa best mogleg utvikling innanfor dei rammene staten set.

Planen kan du laste ned her:

Landbruksplan for Sykkylven (PDF, 4 MB)

Kjerneområde landbruk  

Kontakt

Mandy Häger
Jordbrukssjef
E-post
Telefon 477 15 741