Seksjonering

Å seksjonere er å dele opp ei bygning i fleire eigarseksjonar, slik at fleire kan eige kvar sin del av bygninga. 

Seksjonering egnar seg for oppdeling av bustadblokker, horisontaldelte to- og firemannsbustadar, næringsbygg i fleire etasjer med forskjellige brukarar av etasjane og liknande.  

Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon

Kven kan søke? 

Søknad om seksjonering må settast fram av heimelshavar til eigedommen. Heimelshavar er den eller dei som er tinglyst som eigarar av eigedommen. Dersom det er snakk om festa grunn, er det i utgangspunktet tilstrekkeleg at festaren skriv under på søknaden. I slike tilfelle bør festekontrakta leggast ved søknaden, slik at vi kan vurdere om det er nødvendig å innhente samtykke også frå grunneigar/bortfestar. 

Andre kan også søke på vegne av heimelshavar, men det må då leggast ved skriftleg fullmakt. Unntaket er dersom det er ein advokat som søker. Fullmakta må vere original eller stadfesta rett kopi. 

Slik søker du

Du søker om seksjonering ved å fylle ut søknadsskjema “Søknad om seksjonering”: 

Søknad om seksjonering

Sjå rettleiing til utfylling av søknadsskjema for seksjonering. 

Kva slags vedlegg du må legge ved søknaden står oppført på søknadsskjemaet. 

Søknaden må ha originale underskrifter. Det same gjeld for eventuelle erklæringar. 

Kvar skal eg sende søknaden? 

Søknad med vedlegg skal sendast til kommunen pr. post. Søknaden skal leverast i 2 eksemplar, alle i original då det blir krevd originale signaturer vidare mot tinglysingsmyndigheita. 

Adresse: 

Sykkylven kommune
Kyrkjevegen 62
6230 Sykkylven

Kva skjer etter at søknaden er sendt inn? 

Når kommunen har mottatt søknad om seksjonering, vil denne bli registrert og gjennomgått. Dersom der er feil eller manglar, vil det bli gitt frist for retting. Når eventuelle rettingar er mottatt, vil vi sjekke om vilkåra for seksjonering er til stade. Dersom vilkåra er oppfylt, blir det fatta vedtak. Når klagefristen på 3 veker er ute, blir dokumenta sendt til tinglysing. Etter at dei tinglyste dokumenta er mottatt i retur, sender vi desse til søkar. 

Kva kostar det? 

Sjå Gebyr for handsaming etter matrikkellova og eigarseksjonslova  (PDF, 249 kB)