Koronaviruset

10.07.2020 15.43

Kommunedelplan sentrum - Ikornnes

Kommunedelplan sentrum - Ikornnes

Kommunestyret vedtok den 16.desember ny Kommunedelplan for sentrum - Ikornnes.

Kommunestyret slutthandsama planen den 16.12.2019. Protokoll finn du her.   (PDF, 113 kB)

Lenker til plandokumenta:

Eitt bustadareal, BU2 ved Ullavik skule, er vist i plankartet, men er ikkje endeleg vedteke. Fylkesmannen og fylkeskommunen har framleis motsegn til dette arealet. Fylkesmannen har signalisert at denne motsegna ikkje vert trekt. Då må dette arealet til departementet for avgjerd. BU2 er såleis ikkje juridisk bindande.  Resten av planen er gjeldande. 
 
Konsekvensutgreiing til planen finn du her:

Kdp sentrum-Ikornnes Konsekvensutgreiing 2.høyrirng (PDF, 4 MB)

 

Handsaming etter 2.høyring:

Nærings- og utviklingsutvalet handsama uttalar etter 2.høyring den 28.august 2019. Protokoll frå møte finn du her. (PDF, 123 kB)

Vedtaket innebar fleire motsegner der kommunen ikkje vil trekke sine forslag. Fylkesmannen og fylkeskommunen bad då om eit drøftingsmøte før ei eventuell mekling på uløyste motsegner og oversending til departementet.

I drøftingsmøtet gjorde fylkesmannen og fylkeskommunen det klart at av område med varsla motsegn var det berre BU13 i Grebstadlia og SB4 på Blindheim kommunen kunne få gjennomslag for.  

Etter drøftingsmøte  handsama NU saka på nytt den 10.12.2019. Av område med uløyste motsegner valgte NU å halde fast på BU2 ved Ullavik skule. Fylkesmannen varsla at dette må til departementet til avgjerd.  Protokoll frå NU-møte fin du her. (PDF, 142 kB)

Kommunestyret heldt fast på vedtaket frå NU i si handsaming den 16.12.2019.

 

 

 

 

Kontakt

Njell Hoftun
Samfunnsplanleggar
E-post
Mobil 476 58 757