Deling av eigedom

Deling av grunneigedom

Deling av grunneigedom betyr å dele frå ein del av ein fast eigedom slik at denne delen får eige gards- og bruksnummer, til dømes å skilje ut ei tomt. 

Ved bortfeste av deler av ein eigedom for meir enn 10 år, må det også ligge føre eit delingsløyve.

Det er grunneigar (heimelshavar) som søkjer kommunen om løyve til deling.  

 

Søknadsskjema du treng

Søknad om løyve til tiltak utan ansvarsrett

Krav om matrikulering


Kart med innteikna parsell og grunngjeving av søknaden må leggast ved. 

Gå til kartportalen for å skrive ut eit kartutsnitt.
 

Søknaden vert behandla/vurdert etter

- Gjeldande arealplanar (kommuneplanen sin arealdel, kommunedelplan/ reguleringsplan/ utbyggingsplan). Er søknaden i strid med gjeldande lov- og regelverk, kan søknaden behandlast som dispensasjonssak i samsvar med plan- og bygningslova §§ 19-1 og 2
- Plan- og bygningslova kap 26, 27 og 28 (Om parsellen er eigna til formålet, tilkomst, vatn/avløp og naturgitte tilhøve som stabilitet i byggegrunn, risiko for flaum, fare for skred m.m)
- Jordlova §§ 9 og 12. (§ 9: For all jord som er dyrka eller eigna til dyrking. § 12: Eigedom som kan nyttast til jord eller skogbruk)
 

Den nye eigedomen får tildelt eige gnr/bnr, vert registrert i den sentrale matrikkelen og tinglyst. Matrikkelbrev på eigedomen vert sendt til aktuelle partar.

Kontakt

Sindre Brunvold
Ingeniør oppmåling/frådeling
E-post
Mobil 47 70 87 60

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post