Grensepåvising

Grensepåvising

Grensepåvising er ei klarlegging av eksisterande grenser for eigedomen. Det kan til dømes vere at grensemerka er borte. Du kan då søkje om ei ny grensepåvising. 

Kva får du?

Du får oppmålt, vist og merka eigedomsgrensa di, og du får sett ned offentlege grensemerke der det er mogleg. 

Krav til søkar 

Søknaden må vere signert av eigar (heimelshavar). 

Kva kostar det?

Prisen er avhengig av kor lange grensene er og om grensene for eigedomen allereie er oppmålt og koordinatfesta. Om vi må avklare eigedomen sine grenser ytterlegare vil du få nærare informasjon om dette og om prisen. 

Du finn prisane for oppmålingsarbeid i gebyrregulativ for Sykkylven kommune

Slik søkjer du

Fyll ut søknadsskjema for klarlegging av eksisterande grense/oppmålingsforretning .
Legg ved situasjonskart som tydeleg viser kva søknaden gjeld. Kart finn du via kartportalen.
 

Send søknad til: 

Sykkylven kommune 
Rådhuset
6230 Sykkylven

Kva skjer vidare?

Saka er normalt ferdigbehandla innan 6 til 16 veker.  Vi tek kontakt med deg og avtalar tidspunkt for møte og oppmåling. 

Kontakt

Sindre Brunvold
Ingeniør oppmåling/frådeling
E-post
Mobil 47 70 87 60

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post