Målebrev

Kva er eit målebrev?

Målebrev er eit dokument som viser stadfesta eigedomsgrenser. 

Hvis du eig ein eigedom som det ikkje er målebrev på (frådelt før ca.1966) og det er uvisse om grensene, eller grensene ikkje er skikkeleg merka i terrenget kan det  lønne seg å forlange kart- og oppmålingsforretning over eigedomen. 

Oppmålinga vil då innkalle eigar og alle eigarar av naboeigedomane til grensegang i terrenget.  Grensene blir stadfesta av samtlege partar ved underteikning på ein protokoll, som er utforma som ein avtale mellom partane. Varige grensemerke blir sett ned der det er mogleg, og grensene nøyaktig innmålt og avsett på kart. Etter det vert det utferdiga målebrev over eigedomen, med stadfesta grenser. 

Det kan lagast målebrev over heile eigedomen eller einskilde grensestrekningar.

Korleis bestiller eg ein kart- og oppmålingsforretning?

For å bestille kart- og oppmålingsforrening må du sende et rekvisisjonsskjema til oppmålinga. 

Rekvisisjonsskjema
- Kart der du antyder ca. grenser for eigedomen.

Rekvisisjonen skal underskrivast av grunneigar.

Treng du kopiar av tinglyste dokument?

Om du treng kopiar av eldre tinglyste dokument (t.d. skylddelingsforretningar med grensebeskrivelse), kan dette bestillast hos Statens kartverk ved å sende inn eit bestillingsskjema. Leveringstida er ca. 1 veke.

Dersom du har tinglysingsdatoen for dokumentet du vil ha, og det er tinglyst før 1951, kan du leite det fram på Digitalarkivet. Har du i tillegg dagboknummeret til dokumentet, er det enklare å finne fram.

Kva kostar det?

Betaling etter medgått tid pluss transport og merkemateriell.
Sjå prisliste .

Kontakt

Sindre Brunvold
Ingeniør oppmåling/frådeling
E-post
Mobil 47 70 87 60

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post