Samanføying av eigedomSamanslåing av eigdomar Du kan søke om samanslåing av to eller fleire eigedomar dersom eigedomane grenser opp til kvarandre. Krav til søkjar Søknaden må vere signert av eigar (heimeshavar). Eigedomen må ligge i same kommune. Eigedomen må ha same heimelshavar. Samanslåinga må oppfylle matrikkellova § 18 og matrikkelforskrifta § 43. Samanslåinga må ikkje føre til prioritetskollisjon mellom panthaverne. Kva kostar det? Det kostar ingenting å slå saman eigedomar, men matrikkelbrevet du får tilsendt når samanslåinga er gjennomført kostar frå 175 til 350 kroner per stykk. Slik søker du Fyll ut skjemaet Krav om samanføying Legg ved kart som viser dei eigedomane som skal samanslåast. Kart finn du via kartportalen. Om nokon av matrikkeleiningane har heftingar, må det ordnast opp i desse før samanslåing kan skje. Send søknad til: Sykkylven kommune Rådhuset, Kyrkjevegen 62 6230 Sykkylven Kva skjer vidare? Du får svar innan 6 veker.