Seksjonering og reseksjonering av bygningar
Seksjonering er å dele opp ein bygning i fleire eigarseksjonar, slik at fleire kan eige kvar sin del av bygningen. Endringar av allereie seksjonerte eigedomar kallast reseksjonering.
Ein eigarseksjon vil vere ei eiga juridisk eining som kan omsetjast og bli lånt på uavhengig av resten av eigedomen eller brukseiningane.
Eigarseksjonering eignar seg mellom anna for oppdeling av bustadblokker og horisontaldelte- og firemannsbustader.
Eigarseksjonar kan delast opp med eller utan uteareal. For å få eksklusiv rett til uteareal må det vere gjennomført ei oppmålingsforretning. Oppmålingsavdelinga i kommunen vil kunne hjelpe til med dette.
Kva får du?
Du får delt opp bygningen i fleire eigarseksjonar, og eventuelt fordelt uteareal til ein eller fleire seksjonar.
Du får dokumentasjon med plassering av eigarseksjonar og fordeling av sameigebrøk.
Du får eit matrikkelbrev.
Ved fordeling av uteareal får du i tillegg:
- eksklusiv bruksrett til utearealet på din del av eigedomen
- koordinatbestemte bruksrettsgrenser
- sett ned offentlege grensemerker, om dette er mogleg og ønskjeleg
Krav til søkjar
Søknaden må vere signert av eigar (heimelshavar).
Slik søkjer du
Du kan laste ned skjema for søknad om seksjonering.
Meir informasjon om reglane rundt seksjonering og reseksjonering og korleis du fyller ut søknaden finn du på regjeringa.no.
Send søknad til:
Sykkylven kommune
Rådhuset
6230 Sykkylven
Kva kostar det?
Sjå prisliste byggesaksgebyr
Kor lang tid tek det?
Søknaden vert normalt behandla innan 12 veker.
Klage
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du ta kontakt med oss. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om du får medhald i klagen din.