BTS i Sykkylven (Betre Tverrfagleg Samarbeid)

 

Sykkylven kommune nyttar samhandlingsmodellen Betre Tverrfagleg Samarbeid for å sikre god samhandling mellom dei ulike interne kommunale tenestene og andre eksterne tenester som arbeider med barn og unge. I mange samanhengar vert dette også omtala som BTI (Betre Tverrfagleg Innsats). 

Handlingsforløp i BTI

 

 

Det overordna formålet med BTS-arbeidet er å bidra til at barn, unge og deira familiar får nødvendig hjelp så tidleg som muleg. Målgruppa for arbeid etter BTS-modellen er barn, unge og gravide som har behov for hjelp, støtte og oppmerksomheit i korte eller lengre periodar i livet. BTS-modellen skal kvalitetssikre heilskapleg og koordinert innsats frå involverte tenester utan at det vert brot i oppfølginga. BTS bidreg til tidleg innsats, samordning mellom ulike tenesteområde og medverknad. 

 

Korleis
BTI-modellen deler arbeidet inn tre fasar:

  • Identifisering
  • Lokal innsats, i barnehagen/på skulen.
  • Tverretatleg samarbeid

Basistenester, som barnehage og skule, har ei viktig rolle i BTS. Dette gjeld både  å identifisere og å sette i verk tiltak tidleg. Oppgåva med identifisering er også eit ansvar for alle hjelpetenester  (helsesjukepleiar, lege, PPT, ergo- og fysioterapeutar, og barnevern).

Tenester som er i kontakt med vaksne har eit spesielt ansvar med å identifisere barn som pårørande.

Samhandlingsmodellen er, som vist under, på fire nivå. Trykk på biletet for meir informasjon om BTS.

Vi har laga ein modell som viser ulike tiltak vi har på dei fire nivåa: 

BTS i Sykkylven (PPTX, 90 kB)

 

Tabellen under har forferdeleg mange forkortingar. Nokre er i dagleg bruk og innarbeidde hos ein del, andre er nok heilt nye. Klikk på dei aktive lenkene for meir informasjon om tilboda vi har i Sykkylven.

 

              Nivå 0                                          

Identifiserer barn som bekymrer

              Nivå 1                                                                                                                     Tenesteinternt tiltaksarbeid

Nivå 2

Enkelt tverrfagleg samarbeid med få involverte tenester

Nivå 3

Komplekst tverrfagleg samarbeid med fleire involverte tenester

Solid start

MOT

COS

ICDP

Skulehelsesjukepleiar (trefftid)

Helsestasjon for ungdom

 

Fagteam

PIS-gruppe 

Helsesjukepleiar (timeavtalar)

Miljøterapeut (SUSK)

ICDP  

Solid start

Rusførebyggande team

Ressursteam (SUSK)

Alternativ læringsarena / Inn på tunet (IPT)

Psykologisk førstehjelp

 

PMTO

COS

ICDP

Overgangsmøte

BAPP

Fagteam

Familieterapigruppe

Gardsskule/IPT-tilbod

(Kommunepsykolog)

DU-kurs for ungdom

Spes.ped.

Skulefråversteam

(Kommunepsykolog)

Ansvarsgrupper

Individuell plan

Fagteam

Barnevernstiltak

Skulefråversteam