Kommunalt ordensreglement for grunnskulen

Kommunalt ordensreglement for grunnskulen

Kommunalt ordensreglement for grunnskulen vart vedteke i levekårsutvalet 16.01.2018 og gjort gjeldande frå denne datoen.

Heimel, formål og verkeområde.

§ 1 Heimel.

Denne forskrifta om kommunalt ordensreglement for grunnskulen i Sykkylven kommune blir fastsett
med heimel i lov av 17. juli 1998 nr.61 i Lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa
(opplæringslova), inkludert endringar i LOV-2017-06-09-38 frå 01.08.2017 Kap. 9a Elevane sitt
skulemiljø.
 
§ 9A-10 Ordensreglement:
«Kommunen skal gi forskrift om ordensreglement for den enkelte grunnskole, og
fylkeskommunen skal gi forskrift om ordensreglement for den enkelte vidaregåande skule.
Reglementet skal gi reglar om rettane og pliktene til elevane så langt dei ikkje er fastsette i lov eller
på annan måte.
 
Reglementet skal innehalde reglar om orden og oppførsel, om kva tiltak som kan nyttast mot
elevar som bryt reglementet, og om korleis slike saker skal behandlast.
Skolen skal berre nytte tiltak som er fastsette i ordensreglementet. Tiltaka skal ikkje innebere
fysisk refsing eller anna krenkjande behandling. Før det blir teke avgjerd om tiltak, har eleven rett til å
forklare seg munnleg for den som skal ta avgjerda.
 
Ordensreglementet skal gjerast kjent for elevane og foreldra. Kravet i forvaltningslova § 38
første ledd bokstav c om kunngjering i Norsk Lovtidend gjeld ikkje.»
(Ny 01.08.2017)
 

§ 2 Formål.

Ordensreglementet for grunnskulen i Sykkylven har som formål å fremje trivsel, respekt og
medansvar for både elevar og tilsette ved skulane. Ordensreglementet skal gi elevane føreseielege og
trygge rammer å halde seg til. Rettar og plikter ifølgje gjeldande lovverk skal vere tydelege og klare.
 
Saman med førebyggande arbeid skal ordensreglementet brukast for å skape eit godt skulemiljø, som
fremjar både helse, trivsel og læringsutbytte. Ordensreglementet skal bidra til å utvikle elevane sine
sosiale ferdigheiter, og til å bygge positive relasjonar elevane imellom og mellom elevar og tilsette.
Ordensreglane skal vere ei rettesnor for korleis vi organiserer skulekvardagen på best mogleg måte,
og korleis vi løyser eventuelle problem som kan oppstå, inkludert refsingstiltak.
 
Skulen kan berre nytte refsingstiltak som er fastsett i ordensreglementet.
 

§ 3 Verkeområde.

Ordensreglementet gjeld for alle dei kommunale skulane og inkluderer alle aktivitetar i skulen sin regi når skulen har tilsynsansvar for elevane, inkludert leksehjelp og på skulevegen.
Ordensreglementet gjeld også for skuleturar, ekskursjonar og leirskuleopphald. Kvar skule skal, i samarbeid mellom rektor, lærarar, elevar og FAU/SU utarbeide eigne ordens- og trivselsreglar for skulen og trinna. Desse trivselsreglane skal ha ei positiv vinkling og framheve positiv og ønska åtferd og handlingar og korleis alle aktivt kan bidra til eit best mogleg skulemiljø som inkluderer alle og fremjar trivsel og tryggleik.


Skulen sitt ordensreglement gjeld ikkje for SFO. SFO skal ha eigne ordensreglar, heimla i gjeldande vedtekter for SFO, jf. opplæringslova § 1-2. Reglane for elevane sitt skulemiljø (kap. 9a, med unntak av §§ 9a-10 og 9a-11)og reglane for elevane sin tryggleik vil derimot gjelde også for SFO. Dette følgjer direkte av opplæringslova § 9a-8 og forskrift til opplæringslova § 12-1 punkt d.

Når det gjeld krav til at sanksjonar skal fastsettast i ordensreglementet, må det avgrensast mot tiltak som kan grunngjevast i undervisnings- og ordensforhold. Dette til trass for at slike tiltak kan opplevast som ei straff. Slike forhold kan vere at to elevar ikkje lenger får sitte ved sidan av kvarandre, beskjed frå lærar om å legge mobiltelefon i sekken / mobilhotellet, eller ein mobiltelefon vert inndregen for ei avgrensa tid i løpet av dagen. Tiltak grunngjeve i undervisnings- og ordensforhold treng ikkje vere heimla i eit ordensreglement.

 

Reglar for orden og åtferd.

§ 4 Generell oppførsel.

Elevane har både rettar og plikter. Det er nulltoleranse mot alle former for krenkingar som mobbing,

vald, diskriminering og trakassering i grunnskulen i Sykkylven.
 
§ 4-1. Elevane har rett på:
  •  å bli høyrt og verte behandla på ein ordentleg måte.
  •  å verte møtt med respekt og at eigedelane deira får vere i fred.
  •  å ikkje bli utsett for fysisk, psykisk og verbal plaging/krenking/mobbing.
  •  å ha eit godt lærings- og skulemiljø.
  •  lærarar og tilsette som grip inn og reagerer når elevar ikkje har det godt og trygt.

§ 4-2. Elevane har plikt til å:

  • behandle andre på ein ordentleg måte.
  • vise andre respekt og la andre sine eigedelar vere i fred.
  • ikkje plage, krenke eller mobbe nokon, verken fysisk, psykisk eller verbalt.
  • arbeide for eit godt lærings- og skulemiljø.

§ 4-3. Reglar for orden.

  • Elevar og alle som arbeider ved skulen, skal gjere sitt beste for å halde skulen og skuleområdet reint og i orden. Alle ryddar etter seg.
  • Elevar skal møte på skulen til fastsett tid. Dei skal ha med seg heimearbeid, bøker og skulesaker som trengst for dagen. Elevane skal ta godt vare på skulesakene sine og elles skulen sitt utstyr.

§ 4-4. Generelle reglar for åtferd.

  • Elevane og tilsette på skulen bør helse på kvarandre første gongen dei møtest om morgonen og elles vise god framferd mot kvarandre. Banning og grov språkbruk skal ikkje nyttast. Farleg leik, brutal framferd og mobbande/krenkande åtferd er ikkje lovleg, og skal stansast og følgjast opp.
  • Elevane skal til ei kvar tid rette seg etter dei reglane som skulen fastset for ulike aktivitetar.
  • Skulen har ansvar for tilsyn med elevane i skuletida. Difor må ingen elev forlate skuleområdet utan avtale eller særskilt løyve frå lærar/administrasjon.
  • Det er nulltoleranse for alle former for mobbing, krenkingar , kjønnsrelatert / religiøs trakassering, rasistiske haldningar og diskriminering av minoritetar / etniske grupper.

§ 4-5. Reglar i samband med at elevane tek med personlege eigendelar til skulen.

  • Utstyr som kan forstyrre undervisninga eller skape konfliktsituasjonar i elevmiljøet (t.d. mobiltelefonar, leiker som eleven er redd for o.l.) skal ikkje brukast på skulen. Skulane har eigne reglar for bruk av og oppbevaring av mobiltelefon i skuletida, men generelt gjeld eit forbod mot bruk av mobiltelefon i skuletida i Sykkylven.
  • Den obligatoriske skulebarnforsikringa dekkjer ikkje skade på ting, som t.d. elevane sine briller, klede, syklar, etc. I dei tilfelle forsikringa ikkje gjeld, er skulen berre ansvarleg for skader som skuldast manglande aktsemd frå skulen sine tilsette. Sidan skulen ikkje erstattar eleven sine verdisaker (pengar, smykke, elektroniske spel, o.l.) som kjem vekk / vert øydelagde, bør ikkje elevane ha med seg slike verdisaker til skulen.

§ 4-6. Reglar for fråvere / permisjon.

  • Ved fråvære på grunn av sjukdom eller anna akutt fråvere, må føresette sende melding til kontaktlærar via Transponder i forkant av fråveret, slik at skulen er informert om at eleven ikkje møter. Skulen skal på si side sende melding til føresette via Transponder om eleven ikkje har møtt på skulen innan kl. 10:00 og skulen ikkje er informert om fråveret på førehand.
  • For planlagt fråvære/permisjon skal foreldre sende søknad til skulen seinast fire veker før, etter gjeldande kommunalt reglement som gjeld for permisjonssøknad ved rektor. Reglementet er i samsvar med opplæringslova § 2-11 Permisjon frå den pliktige opplæringa. Rektor kan, etter grunngjeven søknad, innvilge permisjon i inntil 10 skuledagar etter gitte vilkår. Det skal nyttast eit eige søknadsskjema for søknad om permisjon.

§ 4-7. Reglar i høve rusmiddel.

  • Det er forbode å vere rusa, bruke, oppbevare, omsette eller bere med seg tobakk (sigarettar/snus/skrå), alkohol, narkotika eller andre rusmiddel i skuletida og på skulen sitt område, inkludert arrangement/aktivitetar i skulen sin regi.

§ 4-8. Reglar i høve farlege gjenstandar.

  • Det er ikkje tillate å ta med eller bere kniv, våpen, eller andre gjenstandar som ved feil bruk kan skade ein sjølv eller andre i skuletida eller på skulen sitt område.

§ 4-9. Trafikktryggleik.

  • For elevane sin tryggleik i trafikken, skal dei bruke hjelm om dei syklar til/frå skulen eller deltek i aktivitetar i skuletida der sykkel vert brukt. Foreldre avgjer om elevane får sykle til skulen eller ikkje, jf. forskrift til opplæringslova § 12-1 punkt c.
  • Refleks bør nyttast på skulevegen som førebyggjande trafikktryggingstiltak i mørketida.
  • Elevane som vert køyrde av føresette/andre private, skal setjast av og plukkast opp på tryggast mogleg måte, og på den staden skulen rår til. All privat køyring inn på skuleplassen er forbode.

§ 4-10. Særskilt om kroppsøvingsfaget.

  • Om eleven treng tilpassa aktivitet i kroppsøving/symjing, sender føresette melding via Transponder til kontaktlærar. Fritak frå kroppsøvingsfaget over tid krev grunngjeven dokumentasjon frå lege/sakkunnig instans.

§ 4-11. Karakterar i orden og åtferd på ungdomstrinnet.

  • Ungdomsskuleelevar skal ha eigne karakterar både i orden og i åtferd. Grunnlaget for vurdering i orden og åtferd er gitt i forskrift til opplæringslova § 3-5.
  • Karakteren skal fortelje eleven og dei føresette korleis eleven innordnar seg skulen sitt ordensreglement og til allment aksepterte normer for åtferd og folkeskikk.
  • Merknadar skal brukast som dokumentasjon av elevar sine brot på ordensreglementet og skal leggast til grunn for vurdering av karakter i orden og åtferd. Det er skulen si samla vurdering, og ikkje summen av merknadar som leggast til grunn.
  • Vurderinga skal ta omsyn til dei føresetnadane eleven har. Det skal ikkje til vanleg leggast vekt på enkelthendingar, unntaket er dersom enkelthendinga er «særleg klanderverdig eller grov».
  • Udokumentert fråvære kan føre til nedsett karakter anten i orden eller åtferd.
  • Eleven og foreldre/føresette har rett på skriftleg varsel dersom det er fare for at eleven kan få nokså god (Ng) eller lite god (LG) i orden eller i åtferd jf. forskrift til opplæringslova § 3-7.

 

Sanksjonar og tiltak ved brot på ordensreglementet.

§ 5 Skulen og skuleeigar sine tiltak ved brot på ordensreglementet.

§ 5-1. Fysisk refs eller annan krenkande behandling av eleven er ikkje tillate, jf. § 9a-2 i
opplæringslova: «Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og
læring.».
 
Før refsingstiltak blir sett i verk, har eleven rett til å få forklare seg . Eleven kan i slike høve ta med
seg ein person. Denne retten må sjåast i samanheng med barn sin rett til å bli høyrt i saker som
vedkjem dei, jf. Grunnlova § 104.
 
§ 5-2. Brot på ordensreglementet kan medføre følgjande refsingstiltak:
  • Samtale med eleven / påtale av lærar, ev. inspektør/assisterande rektor/rektor.
  • Telefon heim til føresette.
  • Brev/melding heim.
  • Innkalling til samtale elev-føresette.
  • Inndraging av gjenstandar som vert nytta på ein farleg, provoserande eller krenkande måte. Inndregne gjenstandar kan leverast tilbake til føresette. Ulovlege gjenstandar / rusmiddel vert levert til politiet.
  • Inndraging av rettar som andre elevar har (t.d. vere inne i klasserommet i friminutt, bortvising frå enkelte område av skuleplassen, etc.).
  • Nedsett ordens- og/eller åtferdskarakter på ungdomsskulen.
  • Krav om full eller delvis erstatning av skade på bygningar, inventar eller utstyr.
  • Pålegg om å rette opp skadeverk som eleven har påført skulen sin eigedom eller eigedelar (fjerne søppel, fjerne tagging, vaske/koste, etc.).
  • Gjensitting (etter skuletid) og parade(oppmøte før skulestart) for enkeltelev(ar), ikkje som kollektiv straff.
  • Bortvising i tråd med § 9a-11 i opplæringslova (tidlegare § 2-10):
    • 1.-7. trinn: elevar kan visast bort for enkelttimar eller resten av dagen.
    • 8.-10. trinn: elevar kan visast bort for opp til tre dagar.
    • Heimsending frå leirskule/skuleturar er å sjå på som bortvisingsvedtak.
    • Utestenging frå m.a. skuletur kan ikkje fastsetjast som sanksjon i ordensreglementet.
Særskilt om bortvising: Ved bruk av vald og / eller trugslar, særleg provoserande åtferd eller andre
grove brot på ordensreglementet kan elevar visast bort frå undervisninga som informert om ovanfor.
Ei bortvising er skulesamfunnet sin mest alvorlege og inngripande reaksjon overfor regelbrot, og
inneber at eleven sin rett til opplæring jf. opplæringslova § 2-1 vert sett til side, om enn for ei avgrensa periode. Skulen må vurdere om det er forholdsmessigheit mellom eleven si åtferd og skulen sin reaksjon.
 
§ 5-3. Straffbare tilhøve
 
Ved rimeleg grunn til mistanke om brot på ordensreglementet i høve § 4, pkt. 7 og 8, kan skulen si
leiing gjennomføre ein ytre kontroll av elevane sine eigendelar, f.eks. sekkar og vesker, i tillegg til
oppbevaringsstader som vert disponert av elevane, som t.d. garderobeskåp, bokskåp og liknande.
 
Dersom det føreligg mistanke om straffbare tilhøve, skal skulen be om politiet si hjelp til å
gjennomføre kontroll, undersøking eller andre tiltak. Dette gjeld tilhøve som tjuveri, vald, trugslar,
tvang, narkotika, rasistiske utsegn og handlingar, seksuell trakassering, sjikane på grunn av religion,
livssyn eller liknande. Eleven sine føresette skal om mogleg varslast munnleg samtidig med at politiet
blir beden om bistand. Føresette skal uansett varslast skriftleg om det er søkt om hjelp frå politiet.
Straffbare tilhøve skal meldast til politiet. Dersom den fornærma er ein elev, avgjer føresette om
tilhøvet skal meldast.
 
§ 5-4. Erstatningsansvar
 
Ved bevisst eller uaktsam skade eller skadeverk på skulen sin eigedom og utstyr, kan eleven, i tillegg
til å bli pålagt sanksjonar etter dette reglementet, også bli erstatningsansvarleg jf. skadeerstatningslova
§ 1-1. Ved vurderinga av erstatningsansvaret, skal eleven sin alder / modning bli
vektlagt. Føresette er erstatningsansvarlege etter skadeerstatningslova § 1-2, pr. dato inntil kr. 5 000
for barn under 18 år. Det same gjeld ved tap eller øydelegging av bøker og anna utstyr som høyrer
skulen til.

Skader som ikkje vert dekka av skadeerstatningslova, reknast i juridisk teori som «dagliglivets risiko»
og må dekkjast av eigaren sjølv gjennom personlege forsikringsordningar.

Skulen skal reagere og gripe inn dersom ein elev t.d. øydelegg ein annan elev sin eigedel, som t.d.
briller, sykkel, mobiltelefon eller liknande. Dersom det ikkje er noko som tyder på at skulen har vist
manglande aktsemd, blir dette ei rein privatrettsleg erstatningssak mellom dei to elevane og deira
føresette.
 

Saksbehandling

§ 6 Generelle reglar

§ 6-1.
 
Saksbehandling ved alvorlege brot på ordensreglementet følgjer reglane i opplæringslova § 9a-
10, samt saksbehandlingsreglane for enkeltvedtak, jf. forvaltningslova, kap. III – kap VI.
 
§ 6-2. Høyring
 
Ordensreglement er ei forskrift etter forvaltningslova § 2. Dvs. at aktuelle partar / organisasjonar skal
givast høve til å uttale seg før forskrifta vert vedteken, jf. Forvaltningslova § 37.
 
§ 7 Kunngjering
 
Forskrift om ordensreglement skal gjerast kjent for elevar, føresette og tilsette kvart år ved starten av
skuleåret. Det same gjeld trivselsreglane / skulane sine eigne ordensreglement. Reglementet må også vere tilgjengeleg på kommunen si heimeside.

 

Iverksetting

 

Denne forskrifta trer i kraft 16.01.2018 etter vedtak i levekårsutvalet datert same dag.

 

 

Kontakt

Monica Søvik Hjelmevoll
skulefagleg rådgjevar
E-post
Telefon 70 24 65 00
Mobil 476 68 301

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post.