SFO

Familiar med lav inntekt har rett til redusert foreldrebetaling i SFO. Ei hushaldning skal ikkje betale meir enn 6 % av samla skattepliktig inntekt (brutto årsinntekt) for ein SFO-plass. 

Ordninga gjeld for barn i 1. - 4. trinn med SFO-plass i dei kommunale grunnskulane i Sykkylven og er søknadsbasert. Lenke for innlogging til søknadskjema

Moderasjonsordningar

  • Lokalt vedtak om søskenmoderasjon: det vert gjeve søskenmoderasjon tilsvarande 25 % på barn nr. 2, deretter 40 %.
  • Sentralt vedtak om redusert foreldrebetaling for 1.- 4. trinn: Foreldrebetalinga til SFO skal maksimalt utgjere 6 % av den samla person- og kapitalinntekta i hushaldninga.
  • Sentralt vedtak om at barn med særskilte behov på 5.-7. trinn skal ha gratis tilbod i SFO.
  • Sentralt vedtak gjeldande frå 1. august 2022: Inntil 12 timar gratis kjernetid for elevar i 1. trinn.
  • Sentralt vedtak gjeldande frå 1. august 2023: Inntil 12 timar gratis kjernetid for elevar i 2. trinn.

Sjå vedtekter for SFO her.

Gjeld frå opptak i SFO til skuleåret 2022/2023.

Vedtekne av kommunestyret 14.02.2022.

Sykkylven kommune nyttar elektronisk søknadsskjema for søknad om SFO-plass.

Lenke for innlogging til søknadsskjema.