Prisar for SFO 2023/2024

Sjå vedtekter for SFO her.

Satsar for SFO
Tilbod frå 1. januar 2024 2024 Opphald Sørestranda skule: 2024 kostpengar (kjem i tillegg til opphaldet) Aure barneskule: 2024 fruktpengar (kjem i tillegg til opphaldet)
Fulltidstilbod kl. 07.15- 16.15 + alle langdagar kr. 3086 kr. 270 kr. 100
Ettermiddagstilbod: frå skuleslutt til kl. 16.15 + 20 langdagar kr. 2 344 kr. 270 kr. 100
Alternativ 1: deltidstilbod kl. 07.15 - 15.00 alle dagar + 20 langdagar kr. 1 721 kr. 270 kr. 100
Alternativ 2: deltidstilbod kl. 07.15 - 16.15 tre (3) dagar pr. veke + 20 langdagar kr. 1 721 kr. 162 kr. 60
Alternativ 3: deltidstilbod frå skuleslutt til kl. 16.15 alle skuledagar (ingen langdagar) kr. 1 721 kr. 236 kr. 80
Morgontilbod kl. 07.15 - 08.15 kr. 645 0 0
Kjøp av enkeltdagar kr. 323 kr. 16 kr. 16
Barn med særskilte behov 0 kr. 270 kr. 100
1. og 2. trinn har inntil 12 timar gratis kjernetid. Gjeld ettermiddagar og inntil 8 langdagar. Frå 01.08.24 vil dette også gjelde 3. trinn. Fråtrekk på inntil kr. 1763 på fakturaen for valt opphald. Kostpengar tilsvarande opphald kjem i tillegg. Fruktpengar tilsvarande opphald kjem i tillegg.

​Langdagar er dagar det ikkje er undervisning på skulen, men SFO held opent frå kl. 07:15- 16:15. Oversikt over SFO-året sine langdagar vil kome fram i SFO-ruta (heimesida).

Gratis kjernetid

Gratis kjernetid skal fordelast på dei dagane SFO normalt er open. For Sykkylven sin del betyr dette at alle elevar på 1. og 2. trinn med SFO-opphald har rett på 12 timar gratis SFO per veke innanfor tidsrommet klokka 07.15-16.15. Frå 01.08.2024 vil truleg også 3. trinn få inntil 12 timar gratis kjernetid. Dette gjeld uansett kva type SFO-opphald eleven har. Dette betyr at ein vil få inntil kr 1763 i fråtrekk på fakturaen kvar månad, noko som medfører at deltidstilboda (alternativ 1-3)  og morgontilbodet i praksis vert gratis for elevar på 1. og 2. klassetrinn.  Alle må likevel betale kostpengar.

Moderasjonsordningar

  • Lokalt vedtak om søskenmoderasjon: det vert gjeve søskenmoderasjon tilsvarande 25 % på barn nr. 2, deretter 40 %.
  • Sentralt vedtak om redusert foreldrebetaling for 1.- 4. trinn: Foreldrebetalinga til SFO skal maksimalt utgjere 6 % av den samla person- og kapitalinntekta i hushaldninga.
  • Sentralt vedtak om at barn med særskilte behov på 5.-7. trinn skal ha gratis tilbod i SFO.
  • Sentralt vedtak gjeldande frå 1. august 2022: Inntil 12 timar gratis kjernetid for elevar på 1. trinn.
  • Sentralt vedtak gjeldande frå 1. august 2023: Inntil 12 timar gratis kjernetid for elevar på 2. trinn.
  • Sentralt vedtak truleg gjeldande frå 1. august 2024: Inntil 12 timar gratis kjernetid for elevar på 3. trinn.

Kontakt

Vivian Borgundvåg
SFO-leiar Aure barneskule
E-post
Telefon 98 26 23 52

Sensitive opplysningar skal ikkje sendast pr. e-post.

Rune Haugrønning
SFO-leiar/avdelingsleiar Sørestranda skule
E-post
Mobil 95 92 28 89

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post