Aktuelt

04.04.2022 09.22

Prisar og opningstider for SFO - til 31.07.2022

Prisar og opningstider for SFO - til 31.07.2022

Gjeldande frå 01.01.2022 - 31.07.2022

Satsar SFO - gjeldande til 31.07.2022
Sats Pris u/mat Matpengar Pris inkl. mat
Lav sats - inntil 9 timar Kr 1360 pr.mnd. Matpengar kr 155 pr. mnd. Kr 1 515 pr. mnd.
Mellomsats - inntil 14 timar Kr 2122 pr. mnd. Matpengar kr 206 pr. mnd. Kr 2 328 pr. mnd.
Full plass Kr 2956 pr. mnd. Matpengar kr 258 pr. mnd. Kr 3 214 pr. mnd.
Ekstra dag kr 310 pr. dag inkl. matpengar

Opningstider

Skulefritidsordningane er opne frå måndag til fredag. Opningstida varierer ut i frå lokale behov, men ligg innanfor 07.30-16.15. Skulefritidsordningane er stengt laurdagar, i romjula, påskeveka og fire veker i juli/august (fellesferien). Skulefritidsordninga har fem planleggingsdagar – tre på dagtid, noko som fører til at SFO-tilbodet vert stengt. Resten av dagane ligg utanom opningstidene.

På grunn av at foreldrebetalinga går over 11 månadar, kan barna også nytte plassen sin slik når skulen er stengd:

  • Full sats: 5 dagar pr. veke
  • Mellomsats: 3 dagar pr. veke
  • Lav sats: 2 dagar pr. veke

Føresetnaden for at SFO held ope når skulen er stengd, er at det er minst 7 påmelde barn pr. dag.

Kjøp av ekstra dag

Vedtak i levekårsutvalet 16.01.2017:

Barneskulane i Sykkylven kommune kan unntaksvis tildele einskildelevar dagsopphald i SFO for å avhjelpe heilt spesielle situasjonar. Dette er meint som ei moglegheit for å avhjelpe eit kortvarig behov, for eksempel ved sjukdom, familiar med spesielle behov eller hendingar som ikkje kan planleggast, og skal ikkje ha varigheit utover nokre dagar. Dagsprisen vert sett til 300 kroner frå 01.08.2017.

Søskenmoderasjon

Det vert gjeve søskenmoderasjon f.o.m. barn nr. 2 tilsvarande 25 %, deretter 40 %.

Kontakt

Monica Søvik Hjelmevoll
konst. kommunalsjef
E-post
Telefon 70 24 65 00
Mobil 476 68 301

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post.