Vedtekter for skulefritidsordningar (SFO) i Sykkylven kommune

Vedtekter for skulefritidsordningar (SFO) i Sykkylven kommune

§ 1. Retningsliner

Skulefritidsordningane i Sykkylven kommune skal drivast i samsvar med skulen sin formålsparagraf, sentrale vedtekne lover og forskrifter, og kommunale vedtekter. Skulefritidsordninga er regulert i opplæringslova § 13-7. Skulefritidsordninga er ikkje ein del av grunnskuleopplæringa og skal vere eit frivillig tilbod.

§ 2. Formål

Skulefritidsordninga er eit tilbod før og etter skuletid for barn i 1. – 4. trinn og for barn med spesielle behov i 1. – 7. trinn, jf. opplæringslova § 13-7 første ledd. Skulefritidsordninga skal legge til rette for leik, kultur og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Skulefritidsordninga skal gi alle barn omsorg, tilsyn og gode utviklingsvilkår.

§ 3. Oppretting / nedlegging av ordningar

Det vert etter søknadsfristen bestemt om ei ordning skal opprettast eller leggast ned. Dette skjer på grunnlag av søknadsmassen til den einskilde skulefritidsordninga. Det må vere påmeldt 12 barn pr. dag for at ei ordning skal setjast i gang. Skjer det vesentlege endringar i talet på påmelde barn til ei ordning fram til skulestart, kan vedtaka takast opp til ny handsaming, enten det vil føre til nedlegging eller oppstart av tilbod.

§ 4. Ansvarlege styringsorgan

Etter vedtak i Sykkylven kommunestyre er skulefritidsordninga politisk lagt under levekårsutvalet.

§ 5. Styring, leiing og ansvar

Skulefritidsordninga er administrativt underlagt rådmannen.

Rektor/einingsleiar har det overordna økonomiske, administrative og pedagogiske ansvaret for ordninga ved den einskilde skule. I tillegg skal det tilsetjast ein som har ansvar for den daglege drifta i skulefritidsordninga (SFO-leiar). Samarbeidsutvalet er skulefritidsordninga sitt styre ved den einskilde skule. Ein representant frå skulefritidsordninga har rett til å delta i møte i alle skulen sine organ utanom elevrådet, med generell talerett og med fulle rettar i saker som gjeld skulefritidsordninga. Dersom skulen sitt foreldreråd ønskjer det, kan arbeidsutvalet supplerast med ein av foreldra som har barn i skulefritidsordninga. Dersom samarbeidsutvalet ønskjer det, kan den som har det daglege ansvaret i skulefritidsordninga møte med talerett.

§ 6. Bemanning

Grunnbemanninga i skulefritidsordninga skal vere til saman ei heil stilling pr. 20 påmelde barn pr. dag. Bemanninga vil vere avhengig av kva slags aktivitetar som vert tilbydd, alderssamansetning, talet på deltakande barn og talet på barn med særlege behov. Barn med særlege behov har ikkje rett til spesialundervisning i skulefritidsordninga fordi SFO ikkje er ein del av grunnskuleopplæringa og kapittel 5 i opplæringslova gjeld berre for grunnskuleopplæring. PP-tenesta er ikkje sakkunnig instans i høve SFO. Føresette kan ikkje krevje at verken PP-tenesta eller andre instansar sine anbefalingar vert vektlagt når kommunen skal vurdere behovet for skulefritidsordning. Kommunen bør likevel lytte til råd og vurderingar frå ulike instansar som kjenner barnet og som kan ha nyttig informasjon om barnet sine behov og funksjonsnivå. Skulefritidsordninga er ansvarleg for barna sin tryggleik. Tilsynet må i praksis vere forsvarleg i forhold til risikoen for at skade eller ulykke kan skje, jf. opplæringslova § 9a-9 og forskrift til opplæringslova § 12-1.

§ 7. Inntak, inntakskriterier og endringar av plass

a) Inntak

Søknadsfristen er kunngjort i lokalavisa. Nye 1.klassingar kan ta med søknadskjema når dei er på innskriving. På kommunen si heimeside vil det frå våren 2017 vere mogleg å sende elektronisk søknadsskjema om plass i skulefritidsordninga. Barnet skal som hovudregel gå i skulefritidsordninga i den krinsen / det opptaksområdet barnet høyrer til. Hovudinntak skjer om våren og gjeld for eitt skuleår. Dersom ein ønskjer plass vidare, må føresette melde frå om dette til skulen innan søknadsfristen for hovudopptaket. Ein føresetnad for å få tildelt plass i skulefritidsordninga er at føresette ikkje frå tidlegare har restansar knytt til betaling for skulefritidsordning eller barnehage. Inntaket vert elles gjort i løpet av året og gjeld til vanleg ut skuleåret.

b) Inntakskriterier

Ved inntak skal ein legge til grunn slike kriterier i prioritert rekkefølgje: 1. Barn med særlege behov 2. Dei yngre barna framfor dei eldste barna 3. Andre særskilde grunnar Inntaksinstansen har høve til å utvise eit visst skjønn der dei enkelte inntakskriteria kan kome i konflikt med kvarandre.

c) Enkeltvedtak knytt til SFO

Søknadar om kommunal skulefritidsplass skal behandlast etter vanlege forvaltningsrettslege reglar, med klagerett jf. forvaltningslova kapittel IV-VI.

d) Endringar av plass

Plass kan seiast opp med to månadars skriftleg varsel. Oppseiingstida er dei to første heile månadane etter at oppseiinga er varsla. Dersom plassen vert sagt opp etter 31. mars må ein betale ut skuleåret. Det kan søkjast om auke eller reduksjon i opphaldstida med to månadars skriftleg varsel. Levekårsutvalet er klageinstans. § 8. Inne- og utemiljø Kapittel 9a i opplæringslova gjeld også for skulefritidsordninga. Etter § 9a-1 har alle elevane rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Det betyr at miljøet skal bidra positivt til elevane si helse, trivsel og læring. Arealet inne og ute skal vere tilpassa den aktiviteten som vert driven i den einskilde skulefritidsordninga. § 9. Betaling for opphald a) Betaling skal skje etter kommunalt vedtekne satsar og retningsliner. b) Det blir ikkje gitt fråtrekk for vanleg fråvere. c) Betaling skal skje månadleg. d) Det vert gjeve søskenmoderasjon f.o.m. barn nr. 2 tilsvarande 25 %, deretter 40 %. e) Endringar i opphaldstid: Ein søkjer om plasstype gjennom det elektroniske søknadsskjemaet. Auke av opphaldstid kan gjerast straks dersom det er plass i SFO. Reduksjon av opphaldstid blir å rekne som oppseiing av delar av plassen og reglar for oppseiing gjeld, jf. punkt 8c.

§ 10. Måltid

Det vert laga eit lett måltid kvar dag. Matpengar er inkludert i betalingssatsane for opphald frå hausten 2017. Barna har sjølve med mat til morgonmåltid.

§ 11. Opningstider og feriar

 

a) Skulefritidsordningane er opne frå måndag til fredag. Opningstida varierer ut i frå lokale behov, men ligg innanfor 07.30-16.15. Skulefritidsordningane er stengt laurdagar, i romjula, påskeveka og fire veker i juli/august (fellesferien). Skulefritidsordninga har fem planleggingsdagar – tre på dagtid, noko som fører til at SFO-tilbodet vert stengt. Resten av dagane ligg utanom opningstidene.

På grunn av at foreldrebetalinga går over 11 månadar, kan barna også nytte plassen sin slik når skulen er stengd:

1. Full sats: 5 dagar pr. veke

2. Mellomsats: 3 dagar pr. veke

3. Lav sats: 2 dagar pr. veke

Føresetnaden for at SFO held ope når skulen er stengd, er at det er minst 7 påmelde barn pr. dag.

b) Vedtak i levekårsutvalet 16.01.2017:

Barneskulane i Sykkylven kommune kan unntaksvis tildele einskildelevar dagsopphald i SFO for å avhjelpe heilt spesielle situasjonar. Dette er meint som ei moglegheit for å avhjelpe eit kortvarig behov, for eksempel ved sjukdom, familiar med spesielle behov eller hendingar som ikkje kan planleggast, og skal ikkje ha varigheit utover nokre dagar. Dagsprisen vert sett til 300 kroner frå 01.08.2017.

§ 12. Skyss til og frå skulefritidsordninga

Barn som har plass i skulefritidsordninga og som på grunn av funksjonshemming eller midlertidig skade eller sjukdom har behov for skyss, har rett til skyss til og frå skulefritidsordninga. Retten gjeld uavhengig av avstanden mellom heimen og skulefritidsordninga. Funksjonsfriske barn har ikkje rett til skyss til og frå skulefritidsordninga. Dette gjeld sjølv om barnet har rett til skyss til og frå skulen.

§ 13. Politiattest

Tilsette i skulefritidsordninga må legge fram gyldig politiattest som viser at han eller ho ikkje er sikta, tiltalt eller dømt for seksuelle overgrep mot barn.

§ 14. Teieplikt

Medlemar i styrande organ for skulefritidsordninga og dei tilsette har teieplikt etter same reglar som gjeld for tilsette i grunnskulen, jf. forvaltningslova § 13.

§ 15. Endringar av vedtektene

Endring av desse vedtektene må tilrådast av Levekårsutvalet og vedtakast i Kommunestyret.

§ 16. Retningslinjer

Det kan utarbeidast administrative retningslinjer til desse vedtektene.

Vedteke i Sykkylven kommunestyre 12.12.2016.

Kontakt

Monica Søvik Hjelmevoll
skulefagleg rådgjevar
E-post
Telefon 70 24 65 00
Mobil 476 68 301

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post.