Aktuelt

04.04.2022 09.22

Rett og plikt til opplæring

Rett og plikt til opplæring

Integreringslova legg føringane for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for innvandrarar.

Ulike rettar

Rett og plikt til gratis opplæring

Følgande personar har rett og plikt til gratis opplæring i norsk og samfunnskunnskap:

  • Personar med opphald ut frå asylstatus, humanitært grunnlag og kollektivt vern
  • Familiegjenforeining med ovannemnde
  • Familiegjenforeining med norske eller nordiske borgarar

Plikt til opplæring, men ikkje gratis rett

Følgjande gruppe får ikkje rett til gratis opplæring, men har plikt til å gjennomføre opplæring i norsk og samfunnskunnskap for å få busetjingstillating (permanent opphaldsløyve) eller norsk statsborgarskap:

  • Arbeidsinnvandrarar utanfor EØS / EFTA-området
  • Personar som kjem til landet på grunn av familiegjenforeining med desse

Ikkje plikt til opplæring, men rett til opplæring mot betaling

Studentar, au-pairar, andre med mellombels opphald, nordiske borgarar og personar med opphald etter EØS/EFTA-regelverket fell utanfor ordninga med rett og plikt til opplæring. Desse kan få tilbod om kurs i norsk mot å betale kursavgift.

Norskkurs på dagtid og kveldstid

Kva tilbyr vi på dagtid?

Vi har i hovudsak norskkurs for personar med rett og plikt til opplæring på dagtid. Gjennom kartleggingssamtalar finn vi ut kva opplæringsløp som passar for deg.

Vi tilbyr per no kurs innan alfabetiseringsmodulen, og frå A1-B1 nivå. Timetalet varierer ein del, då norskopplæringa på dagtid er ein del av timeplanen til deltakarar i introduksjonsordninga. Antal norsktimar på kursa varierer frå 6-15 timar norsk i veka, fordelt på 2-5 dagar.

Kva tilbyr vi på kveldstid?

På kvelden har vi norskkurs som er på eit høgare spor. Det betyr at deltakarane her oftast har tidlegare utdanning frå heimlandet. Ein stor del av arbeidsinnvandrarane vel å gå på kveldskurs, eller ein kombinasjon av dag og kveld (skiftkurs).

Slik søker du

Ta kontakt med avdelingsleiar så vert det avtalt eit møte. Etter kartlegginga, får ein plass  i ei gruppe som passar ditt språknivå. Oftast er det oppstart kvart semester, men får ein raskt fylt opp ei gruppe, vert det og satt i gong kurs oftare.

Søknad om fritak

Det er mogleg å søke om fritak frå plikta til opplæring, om ein kan dokumentere norskkunnskapar etter bestemte reglar. Søknadsskjema får du ved å kontakte avdelingsleiar.

Kva kostar det?

Sjå dei ulike gruppene som ar rett til gratis opplæring.

60-timars kurs: 6 000 kroner + lærebøker

Norskprøve, samfunnskunnskapsprøve, statsborgerprøven

Kva tilbyr vi?

Sykkylven opplæringssenter tilbyr alle prøvene. Samfunnskunnskaprøven og statsborgerprøver har løpande påmelding. For norskprøven er det påmelding fire gongar i året.

Slik søker du om plass på prøve

Ta kontakt med avdelingsleiar.

Kontakt

Solgun Welle
vaksenopplæring
E-post
Telefon 480 41 565
Mobil 480 41 565

Sensitive personopplysningar skal ikkje sendast pr. e-post.