Medverknad for elevane

Medverknad for elevane

Elevmedverknad inneber deltaking i avgjerder som gjeld læring, både for kvar einskild og for gruppa. I eit inkluderande læringsmiljø er elevmedverknad positivt for utviklinga av sosiale relasjonar og motivasjon for læring på alle trinn i opplæringa. I arbeidet med faga er elevmedverknad med på å gjere elevane meir medvitne om eigne læringsprosessar, og det gir større innverknad på eiga læring. 

  • Elevane skal kunne delta i planlegging, gjennomføring og vurdering av opplæringa innanfor ramma av lov og forskrift, medrekna læreplanverket ut i frå alder og utviklingsnivå. 
  • Elevrådet skal fremje fellesinteressene til elevane på skulen og arbeide for godt lærings- og skulemiljø. Rådet skal også kunne uttale seg i, og kome med framlegg i saker som gjeld nærmiljøet til elevane. Kvar klasse vel ein tillitsvald og ein vara, som skal vere klassa sin representant i elevrådet.
  • Alle skulane gjennomfører ei ikkje-anonym kartlegging (Spekter-undersøkinga) som fortel korleis klassemiljøet er, slik elevane sjølv oppfattar det. Elevane vert også rådført når det gjeld oppsett av vaktrutinar for friminutt, slik at utsette område vert inkludert i rutinane. 
  • Korte, hyppige elevsamtalar gjennom heile året mellom (kontakt-)lærar og elev for å kome i forkant av situasjonar som kan verte utfordrande, eller for at læraren kan undersøke om enkeltelevar har det godt og trygt. Desse samtalane er også viktige for å skape gode relasjonar mellom lærar og elev. Elevane skal oppleve å bli sett og høyrt.
  • Skulen skal gjennomføre minimum to elevsamtalar pr. år mellom kontaktlærar og elev, der begge partar er førebudde.
  • Skulen skal gjennomføre to utviklingssamtalar pr. år mellom kontaktlærar, føresette og elev.

Kontakt

Monica Søvik Hjelmevoll
skulefagleg rådgjevar
E-post
Telefon 70 24 65 00
Mobil 476 68 301

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post.