Samarbeidsutval og skulemiljøutval

Samarbeidsutval og skulemiljøutval

Samarbeidsutvalet (SU) er skulen sitt høgste rådgjevande organ. SU fungerer også som skulemiljøutval.

Elevar, foreldre, lærarar og andre tilsette er representerte i SU. I tillegg har kommunen to representantar, og rektor skal vere den eine av desse.  
 
SU har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen t.d: 

  • Skulemiljø
  • Skuleskyss. 
  • Trafikktilhøve. 
  • Ordensreglement. 
  • Framlegg til budsjett. 
  • Planar for ombygging og vedlikehald. 
  • Verksemds-og utviklingsplan for skulen. 
  • Plan for samarbeid skule- heim. 
  • Skulevurdering med bakgrunn i brukarundersøkingar og elevundersøkingar.

Skolemiljøutvalet skal medverke til at skolen, dei tilsette, elevane og foreldra tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skolemiljø. Skolemiljøutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolemiljøet, jf. kapittel 9a.

Kontakt

Monica Søvik Hjelmevoll
skulefagleg rådgjevar
E-post
Telefon 70 24 65 00
Mobil 476 68 301

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post.