Eksamen i grunnskulen

Eksamen i grunnskulen

Informasjonsside om sentralt gitt skriftleg eksamen og lokalt gitt munnleg eksamen.

Skriftleg eksamen

Munnleg eksamen

  • Lokalt gitt eksamen i grunnskulen (§3-29 i opplæringslova)
  • Regelverk for gjennomføring av munnleg eksamen frå Utdanningsdirektoratet.
  • Alle elevar på 10. trinn i grunnskulen vert trekt ut til munnleg eksamen.
  • Sykkylven kommune er ansvarleg for munnleg eksamen, men samarbeider med kommunane i Nordre Sunnmøre med støtte frå Sunnmøre regionråd. 
  • Det er lærarane på skulane som utarbeider forslag til eksamensoppgåver.
  • Eksamensfag vert opplyst om 48 timar før eksamen. Elevane trekkjer tema/problemstilling til førebuing 24 timar før eksamen. Eksamen er på inntil 30 minutt, og vert gjennomført individuelt. 
  • Dato for munnleg eksamen: Ta kontakt med skulen din.

Treng du særskilt tilrettelegging?

Elevar som meinar dei har krav på særskilt tilrettelegging av eksamen, skal søke skulen om dette i god tid før eksamen. Skulen set ein frist for dette. Sjå § 3-32 Særskilt tilrettelegging av eksamen i opplæringslova.

Klage på eksamen eller standpunktkarakterar

Dersom du skal klage på eksamen eller på standpunktkarakterar, må du ta kontakt med skulen din. Det er ikkje klagerett på undervegsvurderingar og halvårsvurderingar.

Kontakt

Monica Søvik Hjelmevoll
skulefagleg rådgjevar
E-post
Telefon 70 24 65 00
Mobil 476 68 301

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post.

Randi Løseth Aasen
einingsleiar og rektor Sykkylven ungdomsskule og opplæringssenter
E-post
Mobil 951 84 367

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post.