Om legesenteret

Sykkylven kommunale legesenter ligg i Sykkylven sentrum og er einaste legekontoret i kommunen. 
På legesenteret er det 8 kommunale legeheimlar, 1 sjølvstendig næringsdrivanede lege og ein LIS1 lege (turnuslege).
Legetenesta inkluderer legesenteret og den interkommunale legevakta Sykkylven- Stranda.  Legesenteret er lokalisert i nytt Helsehus i “Uribygget” som har adresse Auregata 19, og  og er samlokalisert med legevakta. 

Legevaktinngang og hovudinngang - Klikk for stort bileteBilde av Sykkylven legesenter Ann-Helen Leknes Holm

Kanutte Roald er avdelingsleiar for Sykkylven legesenter og interkommunal legevakt.  

Hjelpepersonell består av både sjukepleiarar, bioingeniørar, og helsesekretærar.

Dei kommunale legane har i tillegg til å vere fastlegar oppgåver som rettleiarar for LIS1 (turnuskandidat) og ev. LIS3 (legar under  spesialisering) eller ALIS (allmennlege i spesialisering) , helsestasjon, helsestasjon for ungdom, lege på sjukeheimen, korttid/rehabiliteringsavdelinga, og deltek i legevaktsordninga. Dette medfører at fastlege ikkje nødvendigvis er tilstades ved legesenteret til ein kvar tid.

Legar i spesialisering og spesialistar deltek også på kurs som medfører noko fråver.

 

Legar ved legesenteret:

Eliassen, Ane-Birgitte
Fastlege (kvinne, 34 år)
Starta som fastlege i Sykkylven: 1. februar 2023

Ness, Cathrine
Fastlege (kvinne, 33 år)
Starta som fastlege i Sykkylven: 1. januar 2023

Gamre, Anders Mattias W.
Fastlege (mann, 30 år)
Starta som fastlege i Sykkylven: 1. oktober 2023

Wilhelmsen, Ulrikke Nytun
Fastlege (kvinne, 33 år)
Startar som fastlege i Sykkylven: 21. August 2023

Drengk, Anette 
Fastlege (kvinne, 60 år)
Starta som fastlege i Sykkylven: 1. oktober 2023.

Sandnes, Øyvind
Fastlege (mann, 44 år)
Starta som fastlege i Sykkylven: 1. September 2024.

Saint-Sollieux, Elin
Fastlege (kvinne, 46 år)
Starta som fastlege i Sykkylven: 1. April 2025.

Pedersen,  Yvonne Myren
LIS1, Turnuslege
Turnusperiode: frå 1. September til 28. Februar 2026.