Utstyrssentralen - gratis utlån av aktivitetsutstyrPå utstyrssentralen kan du låne utstyr til både kjente og nye aktivitetar - heilt gratis. Målet er å gjere det enklare for fleire, spesielt barn og unge, å vere fysisk aktive, sosiale og oppleve mestring, utan å auke forbruket. Publisert 30.06.2025 12.20 Sist endra 03.09.2025 12.13 Ny adresseUtstyrssentralen har flytta og held no til i kjellaren på Sykkylven bibliotek, adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven. Opningstider Utstyrssentralen har same opningstider som biblioteket: Mandag, onsdag og fredag: kl. 10.00 - 16.00 Tirsdag og torsdag: kl. 12.00 - 19.00 Laurdag, søndag og heilagdagar: StengtKven kan låne utstyrFor å låne utstyr må du: Vere over 18 årHa bustadadresse i Sykkylven kommune Ha norsk mobilnummer Vere registrert som lånetakar ved Sykkylven bibliotekFør du kan låne utstyr må du fylle ut eit registreringsskjema som du får ved biblioteket. Dersom du er under 18 år og vil låne utstyr, må ein ansvarleg lånetakar over 18 år fylle ut og signere eit fullmaktsskjema. Dette får du også ved biblioteket. Lånevilkår Du kan låne utstyr i inntil 7 dagar Lån er gratis Utlån og innlevering skjer ved personleg oppmøte Du må signere standard lånevilkår ved biblioteketUtstyr du kan låne til sommaraktivitet Informasjon på ulike språk Standard terms (PDF, 174 kB)Authorization to borrow equipment from Utstyrssentralen for person(s) under 18 years (PDF, 160 kB)Стандартные условия кредита (PDF, 2 MB)Стандартні умови позики (PDF, 2 MB)Дозвіл на позику обладнання в ЦЕНТРІ ОБЛАДНАННЯ особам віком до 18 (PDF, 164 kB)років. (PDF, 164 kB)