Korttidsutlån av hjelpemiddel

Dersom du har behov for å låne hjelpemiddel i ein kort periode etter skade eller inngrep, kan du låne frå kommunalt korttidslager i inntil 3 månader. 

Kva kan du låne

Kommunalt lager har blant anna: 

  • Toalettforhøgar 
  • Toalettstol 
  • Dusjkrakk
  • Rullator
  • Manuell rullestol 

Krykker

Krykker må du kjøpe sjølv, enten på servicetorget på rådhuset, eller på eit apotek. Ispiggar til krykker får du kjøpt på apotek. 

Servicetortet har ope kvardagar mellom kl. 10.00 - 14.00.  Kontakt tlf. 70 24 65 00 eller e-post: servicetorget@sykkylven.kommune.no 

Sal av krykker
Sal av utstyr -Servicetorget2025
Krykkerkr 166 pr. krykke
Stokkkr 312 pr. stokk

Slik låner du utstyr

For å låne utstyr frå kommunalt hjelpemiddellager må du ha ein avtale på førehand. 

Kontakt hjelpemiddelsentralen på e-post: hjelpemiddel@sykkylven.kommune.no, eller hjelpemiddelansvarleg på tlf: 47 64 09 54.

Hente hjelpemiddel 

Levere tilbake hjelpemiddel