Sterk og stødig - trening for seniorarSterk og stødig er eit lavterskel, helsefremmande og forebyggande tilbod for seniorar i alderen 65+. Dette er trening for deg som ønsker å bli sterkare, stødigare og tryggare i kvardagen. Treningane passer for alle som kan gå innandørs utan hjelpemiddel. Sist endra 25.08.2025 13.37 Påmelding I Sykkylven er der totalt 7 ulike Sterk og stødig-grupper. Stad og treningstid finn du nedanfor. Har du lyst å vere med kan du ta kontakt med koordinator for treningsgruppene, fysioterapeut Anita Westerås, tlf: 91 89 87 43. Stad og treningstider Stad og treningstiderStadDagKlokkeslettPensjonistsalen på BUASMåndag12.30 - 13.30Pensjonistsalen på BUASTysdag11.00 - 12.00Pensjonistsalen på BUASTysdag12.30 - 13.30Pensjonistsalen på BUASTysdag14.00 - 15.00Hundeidvik grendahusMåndag11.00 - 12.00Tandstad skule, StraumgjerdeTorsdag11.00 - 12.00Kyrkjekjellaren Ikornnes kyrkjeMåndag11.00 - 12.00 Gruppene har pause i feriar. Sterk og stødigHovudfokus er styrketrening for bein og balansetrening. Vi trener for det meste ståande og litt sittande. Du kan støtte deg til ein stol ved behov.Gruppene blir leia av frivillige instruktørar som er kvalifiserte gjennom Sterk og stødig instruktørkurs. Fysioterapeut er rettleiar for instruktørane, og administrerer tilbodet i kommunen.Treninga er innandørs i ditt nærmiljø og du må komme deg til og frå treninga sjølv.Det er lagt opp til kaffi og prat etter treninga. Meir informasjon om dette får du lokalt, hos den enkelte gruppe og instruktør.Meir informasjonInfo om Sterk og stødig frå Nasjonalt senter for aldring og helse (lenke til: https://www.aldringoghelse.no/fysisk-helse/laer-mer-om-fysisk-helse/sterk-og-stodig/ Vil du bli instruktør?Sterk og stødig er eit populært tilbod og vi har stadig behov for å rekruttere fleire instruktørar. Vi leitar etter deg som:er glad i å bevege deg.liker å jobbe med andre.er senior eller er ledig på dagtid.ønsker å leie ei treningsgruppe i lag med andre.Som instruktør får du:instruktørkurs.hefte med øvingar. hjelp med igangsetting av gruppe.vidare rettleiing av fysioterapeut.førstehjelpskurs og fagleg påfyll.nye vennskap.Vi håper at du ønsker å bli med på laget. Dersom du vil bli instruktør kan du ta kontakt med koordinator Anita Westerås. Film om sterk og stødig instruktørrollaInfo om Sterk og stødig frå Nasjonalt senter for aldring og helse (lenke til: https://www.aldringoghelse.no/fysisk-helse/laer-mer-om-fysisk-helse/sterk-og-stodig/ )Film om Sterk og stødig instruktørrolla: