Etablerarprøve for serveringsverksemd

Alle som ønsker det kan ta etablerarprøva. 

Den som skal vere dagleg leiar på ein serveringsstad må ha bestått etablerarprøva, og ha fylt 18 år.

Søknadsskjema 

Du må avtale tid for å ta prøva: 

Gjennomføring av prøva

  • Ta med gyldig legitimasjon (pass, førarkort eller bankkort med bilete)
  • Prøva er ei elektronisk fleirvalsprøve med varigheit på inntil 90 minutt
  • Du må svare riktig på 40 av 50 spørsmål
  • Prøva er på norsk 
  • Det er høve til å bruke ordbok og lovsamling

Tilrettelegging ved spesielle behov

  • Om du har dysleksi, kan du få 30 minutt ekstra tid (krev legeattest)
  • Har du andre utfordringar, legg vi til rette så sant det let seg gjere
  • Tilrettelegging må avtalast på førehand

Kva kostar det?

Etablerarprøve for serveringsverksemd
PrøvePris
Etablerarprøve400 kr

Beløpet må vere betalt inn på kommunen sin konto før prøvetaking. Kontonummer: 4212.23.24839. Merk innbetalinga med “Etablererprøve og namn på prøvetakar”.

Kor mange gongar kan du ta prøva?

Du kan ta prøva på nytt heilt til du består. Du må betale gebyr for kvar prøve.

Kva er pensum?

Boka "Læremateriell - Etablererprøven for serveringsvirksomheter" er pensum.  Denne kan du kjøpe hos VINN (vinn.no)

Prøvebevis

Alle som består Etablererprøva får eit prøvebevis som det er viktig å ta vare på. Det er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap. Beviset er gyldig på ubestemt tid. Vi sender beviset til deg per post. 

Kontakt

Torill Skjeret
Rådgjevar politikk/beredskapskoordinator
E-post
Mobil 94 85 41 79

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post