Kunnskapsprøve for skjenke- og salsløyveAlle som ønskjer det kan ta kunnskapsprøva i alkoholloven. Den som skal vere styrar eller stedfortredar på ein stad med salsløyve eller skjenkeløyve, må ha bestått kunnskapsprøva og vere fyllt 20 år.Det er to typar kunnskapsprøver i alkoholloven, ei for salsløyve i butikk og ei for skjenkeløyve på restaurant/bar/pub. Sist endra 04.12.2025 09.56 SøknadsskjemaDu må avtale tid for å ta prøva: Skjema - søknad om kunnskapsprøveGjennomføring av prøvaTa med gyldig legitmasjon (pass, førarkort eller bankkort med bilete)Prøva er ei elektronisk fleirvalsprøve på inntil 60 minutt Du må svare rett på 24 av 30 spørsmålPrøva er på norskDu kan bruke ordbokTilrettelegging ved spesielle behovOm du har dysleksi, kan du få 30 minutt ekstra tid (krev legeattest)Ha du andre utfordringar, legg vi til rette så langt det lar seg gjere Tilrettelegging må avtalast på førehand Kva koster det? Kunnskapsprøve i alkohollovenPrøvePrisKunnskapsprøve400 kr Beløpet må vere betalt inn på kommunen sin konto før prøvetaking. Kontonummer: 4212.23.24839. Merk innbetalinga med “Kunnskapsprøve og namn på prøvetakar”.Kor mange gongar kan du ta prøven?Du kan ta prøven på nytt heilt til du består. Du må betale pr. prøve. Kva er pensum?Pensum for salsløyve: Kunnskap om alkohollova kapittel 1,3,7,8 og 9 og alkoholforskrifta kapittel 1,2,3, 5, 6, 8, 9, 10, 11 og 14.Pensum for skjenkeløyve: Kunnskap om alkohollova kapittel 1, 4, 5, 7, 8 og 9 og alkoholforskrifta kapittel 1, 2, 4, 5, 6, 8, 9, 10, 11 og 14.Du kan kjøpe læremateriell hos Vinn (vinn.no)PrøvebevisAlle som består kunnskapsprøva får eit prøvebevis som det er viktig å ta vare på, det er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om alkohollovgivinga. Beviset er gyldig på ubestemt tid. Vi sender beviset til deg pr. post.