Arealoverføring

Arealoverføring gjer det mogleg å overføre større areal mellom to eigedomar enn det som er tillate ved grensejustering. Dette kan berre skje mellom eigedomar på same nivå i matrikkelen - til dømes mellom to grunneigedomar. 

Arealoverføring er søknadspliktig etter plan- og bygningslova. 

Kven kan søke 

  • Registrerte eigarar av eigedomane
  • Personar med festerett 
  • Advokatar eller andre med fullmakt 

Dersom du signerer søknaden på vegne av eigar, må du legge ved ei fullmakt frå grunneigar. Fullmakta må vere original eller stadfesta rett kopi, sjå informasjon frå Kartverket om fullmakt.

Merk: Eigarar av begge eigedomane må signere søknaden eller gi fullmakt. Dersom eigedomen er eigd av eit firma, må det leggast ved firmaattest som dokumenterer signaturrett. 

Slik søker du 

Søknad om arealoverføring og rekvisisjon av oppmålingsforretning skal sendast til Sykkylven kommune, enten på e-post til postmottak@sykkylven.kommune.no eller pr. post til Rådhuset, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven.

Frafall av økonomiske heftelsar

Ved arealoverføring eller endring av festegrunn må økonomiske heftelsar på den avgivande eigedomen fråfallast for det arealet som blir overført. Dette gjeld til dømes:

  • Pantedokument
  • Utleggsforretningar
  • Burettar
  • Forkjøpsrettar
  • Leigeavtaler

Dersom det er registrert ein obligasjon, må fråfallet skrivast på den originale obligasjonen og sendast inn med original signatur frå panthavar.

Eksempel på formulering:

  • "X frafaller [namn på heftelse] i arealoverføring mellom gnr.../bnr... og gnr.../bnr... på yyy m²"
  • "X frafaller [heftelse] i endring av festegrunn mellom gnr.../bnr.../fnr... og gnr.../bnr... på yyy m²"

 Frafallet kan sendast inn av kommunen saman med resten av dokumenta til tinglysing, eller rettshavar kan sende det direkte til Kartverket.

Merk: Du treng ikkje be om sletting av øvrige heftelsar som vegrettar, parkeringsrett eller rett til vatn og avløp.

Dokument som skal sendast til Kartverket av kommunen 

  • Melding til tinglysing - utskrift frå matrikkelen i to eksemplar 
  • Erklæring om arealoverføring eller endring av festegrunn 
  • Dokumentasjon på fråfall av økonomiske heftelsar