Elevar med rett til individuelt tilettelagt opplæring (ITO)

Elevar som har behov for ekstra hjelp og individuell tilrettelegging utgjer inga einsarta gruppe. Skulen er ein viktig arena for å kunne oppdage elevar med særskilte utfordringar på eit tidleg stadium. Tidleg innsats er avgjerande for å oppnå gode resultat og hindre utvikling av tilleggsvanskar.

Individuelt tilrettelagt opplæring (ITO) er heimla i opplæringslova § 11-6. Formålet med ITO er å gi elevar hjelp og støtte i utvikling av til faglege og sosiale ferdigheiter.

Skulen og heimen fyller i fellesskap ut eit meldeskjema til PPT (Pedagogisk Psykologisk Teneste), kor ein kan be om sakkunnig vurdering. Det er kommunen som fattar vedtak om ITO basert på den sakkunnige vurderinga. Dette inkluderer også logopedhjelp. Før eit barn blir tilvist til PPT skal skulen alltid prøve ut tiltak innanfor det ordinære skuletilbodet. Dersom ein vurderer at dette ikkje er tilstrekkeleg, skal skulen kontakte PPT og be om sakkunnig vurdering. Dette skjer etter skriftleg samtykke frå foreldre/føresette.

Rutinar og tidsfristar for melding av barn og elevar til PPT (PDF, 55 kB)

Meldeskjema til PPT

Skjema - pedagogisk rapport til PPT

Hjelp til eleven kan bli gitt individuelt eller i gruppe. Skulen skal sørge for at alle som får ITO blir inkludert i elevgruppa. For meir informasjon kan du klikke på lenkene nedanfor:

PPT-Sykkylven

Nettsider om spesialpedagogikk og tilrettelegging

Kapittel 11 i lovverket: Tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging

Kontakt

Kjetil Solem
rådgjevar oppvekst
E-post
Mobil 48 27 50 96

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post