Vatn og avløp

Sykkylven Energi AS har ansvaret for drift av kommunal vassforsyning og avløpsanlegg. 

Her finn du informasjon om fritak for gebyr, utsleppsløyve og dei største private vassverka i kommunen. 

Fritak for renovasjon, slamtømming, feiing, vatn og avløp

Bustader som ikkje har vore i bruk det siste halve året, kan søke skriftleg om fritak for renovasjon, slamtømming, feiing, vatn og avløp. Det vert ikkje gitt fritak for fritidsbustader.

Retningslinjer for søknad om fritak:

  • Fritak årsgebyr vatn og avløp: godkjent plombert vassinntak
  • Fritak slamtømmegebyr: godkjent plombert vassinntak

Søknadsskjema

Har du ikkje moglegheit til å sende oss ein digital søknad, kan du sende søknad pr. e-post: postmottak@sykkylven.kommune.no.

Søknaden må innehalde:

  • Opplysningar om eigedomen (gards- og bruksnummer, adresse, namn på eigar) 
  • Kva bustadtype det er (heilårsbustad, fritidsbustad/hytte m.m) 
  • Kva søknaden gjeld (slamtømming, vatn- og avløpsgebyr, feiing) 
  • Grunngjeving (kva som er årsaken til at du søker om fritak)

Søknad om utsleppsløyve

Dersom du skal etablere nytt utslepp eller auke eit eksisterande utslepp av sanitært avløpsvatn, må du sende inn søknad om utsleppsløyve. Dette gjeld for bustadhus, hytter, turistbedrifter og liknande verksemder med mindre enn 50 personekvivalentar (pe).

Søknaden skal sendast digitalt via Entreprenørportalen, i tråd med forureiningsforskrifta kapittel 12.

Tilsynsgebyr for private avløpsanlegg 

Frå og med 1. mars 2025 har Sykkylven innført årleg tilsynsgebyr for private avløpsanlegg. Gebyret dekker kommunen sine lovpålagde kontrolltiltak og blir kravd inn utan mva (offentleg myndigheitsutøving). Første året (2025) krev vi 10/12 av full sats, og faktura kjem i november. 

Kvifor kjem dette gebyret? 

Kommunen er forureiningsmyndigheit og skal føre tilsyn/kontroll med at reglane blir følgde. Lova opnar for at kommunen kan ha lokal forskrift om gebyr for saksbehandling og kontroll, og at gebyra ikkje skal overstige kommunens kostnader (sjølvkost). 

Kven får tilsynsgebyr?

  • Eigaren/ansvarleg for avløpsanlegg med utslepp som er søknadspliktig etter kapittel 12 og 13, betaler gebyret.
  • Eitt gebyr per utslepp/påslepp. Har du gråvatn i tillegg til toalett, blir det likevel berre eitt gebyr. 

Kapittel 12 og kapittel 13 – kort forklart

  • Kapittel 12 – mindre avløpsanlegg for einebustader, hytter m.m. (typisk < 50 pe). Her finst detaljkrav til utslepp, drift og service for dei små anlegga. 
  • Kapittel 13 – avløp frå større anlegg >50 pe. Dette gjeld ofte fellesløysingar i hyttefelt m.m. 

Satsar og fakturering

  • Satsane blir fastsette årleg av kommunen etter sjølvkost. 
  • For 2025 blir det kravd 10/12 av full årssats, sidan ordninga trådde i kraft 1. mars 2025.
  • Fakturerast i november saman med andre kommunale gebyr.

Heimlar og lokal forskrift

Ordninga er heimla i forureiningslova § 52a og forureiningsforskrifta § 11-4. Kommunestyret har vedteke lokal forskrift om gebyr for saksbehandling og kontroll av avløp. Der går det fram kven som skal betale, korleis gebyret blir fastsett, og når gebyret kan falle bort. 

Ofte stilte spørsmål

Større private vassverk i kommunen 

  • Hundeidvik vassverk
  • Sætre og Jarnes vassverk
  • Straumgjerde vassverk
  • Øvre Velledalen vassverk