• Hending

Temakveld på Naturmuseet - Isen smeltar

Dato

Torsdag 14. november 2024

Tidspunkt

kl. 19.00 - 20.00

Stad

Sykkylven naturmuseum

Klimaet vert varmare, våtare og villare. Kva gjer dette med breane på Sunnmøre og elles i Noreg? Får vi eit naturlandskap utan is?

Glasiolog Hallgeir Elvehøy (NVE) har følgt breane i Noreg sidan 1991. Denne kvelden kjem han til Naturmuseet og deler sin kunnskap med oss.

Elvehøy vil fortelje om korleis det går med breane i Noreg og på Sunnmøre, og om korleis han jobbar med breovervaking.

Han vil også sjå nærare på dei aller minste breane og isfonnene, og knytte det opp mot arkeologiske funn som vert gjort i og rundt disse fonnene som smeltar.

Hallgeir Elvehøy er glasiolog i NVE (Noregs Vassdrags- og Energidirektorat) og har jobba med breane i Noreg sidan 1991.

Han har hovudsakleg arbeidd med breendringar gjennom målingar av massebalanse, isbrerørsler og brefrontendringar.

Elvehøy vaks opp på Blindheim i Ålesund, og starta si isbrekarriere med brekurs på Regndalsbreen i 1984.

Praktisk informasjon

Blir arrangert av
Pris vaksen
NaN