Postliste

Postliste syner ei oversikt på inn og utgåande dokument i Sykkylven kommune. 

Sykkylven kommune si postliste finn du her.

Postliste og innsyn møtedokument

Sykkylven kommune publiserer dokument i fulltekst på internett i følgjande arkivdeler: Oppmåling, Byggsak, Arealplanar, Landbruk.  For dei andre arkivdelane må du be om innsyn.

Vi gjer merksam på at arkivdelar for elev, personal og eigedomsskatt, som er ein del av sak/arkiv systemet, ikkje er med på journalen.

Sykkylven kommune sin offentlege journal inneheld inngåande og utgåande dokument. Interne notat vert ikkje publisert i fulltekstdokument, men ein kan be om innsyn i desse så lenge det ikkje er heimel for noko anna.

Postjournal er tilgjengeleg 2 dagar etter postføring.

Dersom journalposten på vår postjournal ikkje er skjerma kan du klikke på eit pdf ikon og få opp dokumentet. Ein kan også finne lenke til mappa som journalposten ligg i.  Vår postliste er å finne på nett i 365 dagar.

Førespurnadane vert vurdert etter kvart som dei kjem inn. Fagleiar arkiv i samråd med sakshandsamar, vurderer innsyn. Vurdering vert gjort etter offentleglova, forvaltningslova og personvernlova.

Klage på avslag om innsyn

Klage på avslag om innsyn er heimla i § 11 i forskrift for offentleglova. Klageinstans på avslag om innsyn er Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Offentleglova seier at alle dokument som er offentlege skal vere open for alle. Dette er for å styrkje informasjons- og ytringsfridom, demokratisk deltaking og rettstryggleik.

Offentleglova seier at forvaltninga sine saksdokument er offentleg så langt det ikkje er gjort unntak i lov eller i medhald av lov. Arkivplanen skal sørge for at Sykkylven kommune praktiserer rutinar som samsvarar med krava i denne lova.

Offentleglova
Forskrift om offentleglova
Forvaltingslova
Personopplysningslova