Songen blir leia av Kristin Kjemphol Lohne. Her blir det song, musikk, leik og gode stunder saman med den vesle. Etter babysangen kan de kose dykk med kaffi, te og vaflar, laga med omtanke av vertane på Frivilligsentralen.
Vi gler oss til å ønskje både små og store velkomne!
Gå gjerne inn på link Min Påmelding eller Qr-kode for påmelding.
Tryggleik og trivsel – song, fellesskap og gode møteplassar for dei minste og dei vaksne.
Arrangørar: Kyrkja i Sykkylven og Sykkylven Frivilligsentral.