• Hending

Samtale med Margreth Olin

Dato

Onsdag 2. september 2026

Tidspunkt

kl. 19.00 - 20.00

Stad

Sykkylven bibliotek

Last ned kalenderfil (.ics)

I sin nye roman Utan språk for kjærleik inviterer Margreth Olin lesaren inn i ei gripande forteljing om kjærleik, sorg og nye sjansar. Etter fem år i djup sorg møter hovudpersonen igjen barndomsvenen som alltid har hatt ein særskild plass i livet hennar. Kan ho våge å sleppe nokon inn att? Med humor, nærleik og stor menneskekunnskap skriv Olin om kjensler mange kjenner seg att i, men få set ord på.
I samtale med Katrine Bjørstad Langlo deler Margreth Olin tankar om kjærleik, tap og krafta i dei forteljingane vi ber med oss gjennom livet.
Margreth Olin er ein av Noregs mest anerkjende filmskaparar og forteljarar. Gjennom dokumentarfilmar som Ungdommens råskap, Barndom, Mannen frå Snåsa og Fedrelandet har ho skapt sterke og personlege forteljingar om menneske, tilhøyrsle og livsvilkår. Ho er kjend for evna si til å kome tett på menneska ho skildrar, med eit blikk prega av varme, mot og djupt engasjement. Dei siste åra har ho også markert seg som forfattar, med romanane Song til mor og Utan språk for kjærleik.
Arrangementet er gratis.

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Om staden

Namn

Sykkylven bibliotek

Om arrangementet

Pris vaksen
Gratis