Buypass – for deg som treng elektronisk ID på høgt nivå

Enkelte tilsette har behov for elektronisk ID på høgt sikkerheitsnivå for å få tilgang til fagsystem eller offentlege tenester.

Dette kan til dømes gjelde tilsette innan helse og omsorg som nyttar tenester med innlogging via ID-porten.

For tilsette som brukar den nye FIDO-løysinga, kan Buypass aktiverast på sikkerhetsnøkkelen. 

Buypass ID på høgt sikkerheitsnivå kan nyttast for sikker identifisering mot offentlege og andre tenester gjennom ID-porten.

Aktivere Buypass-sertifikat

Buypass blir aktivert gjennom ei sjølvbetjent løysning. Du gjennomfører sjølv registrering og identitetskontroll og knyter Buypass-identiteten til FIDO-nøkkelen din.

Du finn informasjon om aktivering og bruk i Serviceportalen.

Du kan berre aktivere Buypass dersom du har behov for dette i arbeidet ditt.

Har du eit Buypasskort frå før, skal du halde fram med å bruke dette fram til du har fått beskjed om å gå over til FIDO-nøkkel.