Nytilsett – kom i gang med datasystemNår arbeidsforholdet ditt er registrert, blir det automatisk oppretta ein kommunal brukarkonto. Kva tilgangar og lisensar du får, er avhengig av stillinga di og kvar du arbeider.Nokre fagsystem og særskilde tilgangar må bestillast eller godkjennast av næraste leiar.Når brukarkontoen er klar, får du SMS med informasjon om aktivering. Kontoen må aktiverast før du kan logge inn på kommunale PC-ar og tenester. Aktivering skjer gjennom Sjølvbetjeningsportalen, der du identifiserer deg via ID-porten.Kort fortaltSom tilsett vil du normalt ha:Kommunal brukarkonto – gir tilgang til PC, Microsoft 365, e-post og kommunale tenester.FIDO-nøkkel – personleg sikkerheitsnøkkel for sterk og enkel innlogging.Buypass ID – for tilsette som har behov for pålogging til tenester som krev elektronisk ID på høgt sikkerheitsnivå.FIDO-nøkkel for utskrift/kopiering – nøkkelen kan også nyttast for identifisering ved sikker utskrift og kopiering.