Personleg sikkerheitsnøkkel

Den personlege sikkerheitsnøkkelen erstatter dagens løysning med smartkort/buypass-kort. Alle eksisterande kort vil fungere fram til utløpsdato, men alle tilsette vil få tildelt denne nøkkelen ifbm auka krav til sikkerheit.

Sykkylven kommune nytter personlege sikkerheitsnøklar (Yubikey) som løysing for sikker innlogging.

Sikkerheitsnøkkelen er personleg og skal berre brukast av deg. Den fungerer som ein fysisk tryggleiksnøkkel og kan nyttast i staden for eller saman med andre innloggingsmetodar på kommunale PC-ar og tenester.

Du kan mellom anna bruke sikkerheitsnøkkelen til:

  • sikker innlogging på kommunal PC
  • fleirfaktor-autentisering på tenester som Office 365
  • sikker utskrift og kopiering
  • pålogging via ID-porten med Buypass ID for dei som har behov for dette

Sikkerheitsnøkkelen er ei phishing-resistent innloggingsform der den fysiske nøkkelen er ein del av autentiseringa. 

Veiledning for bruk og oppsett av nøkkelen finn du her: [123]

Ta vare på Sikkerheitsnøkkelen

Sikkerheitsnøkkelen er personleg og skal ikkje lånast bort. Det er viktig at den blir tatt godt vare på, då den skal leverast tilbake ved opphør av stilling. 

Mistar du nøkkelen, eller trur du at andre kan ha fått tilgang til han, må du melde frå til IKT så raskt som mogleg slik at nødvendige tilgangar kan sperrast.

Artikkelliste