Personleg sikkerhetsnøkkelDen personlege sikkerhetsnøkkelen erstatter dagens løysning med smartkort/buypass-kort for sikker pålogging. Alle eksisterande kort vil fungere fram til utløpsdato, men alle tilsette vil få tildelt denne nøkkelen ifbm auka krav til sikkerheit. Publisert 31.08.2026 08.43 Sist endra 25.09.2026 10.04 Sikkerhetsnøkkelen er personleg og skal berre brukast av deg. Du kan mellom anna bruke sikkerhetsnøkkelen til:sikker innlogging på kommunal PCto-autentisering på tenester som Office 365sikker utskrift og kopieringpålogging via ID-porten med Buypass ID for dei som har behov for detteSikkerhetsnøkkelen er ei phishing-resistent innloggingsform der den fysiske nøkkelen er ein del av autentiseringa. Meir informasjon og veiledning for bruk og oppsett av nøkkelen finn du i Serviceportalen.Ta vare på SikkerheitsnøkkelenSikkerheitsnøkkelen er personleg og skal ikkje lånast bort. Det er viktig at den blir tatt godt vare på, då den skal leverast tilbake ved opphør av stilling. Mistar du nøkkelen, eller trur du at andre kan ha fått tilgang til han, må du melde frå til IKT så raskt som mogleg slik at nødvendige tilgangar kan sperrast.